Rasmus Sunde (fødd 1944) er ein norsk historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, oppvaksen i Jølster og busett i Balestrand. Sunde har doktorgrad i migrasjonshistorie. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, frå 1991 til han vart pensjonist i 2011.

Sunde har skrive fleire bøker om migrasjonshistorie.

Bibliografi

Bøker

  • 1989 – Ein stad skal ein vera : utvandringa frå Vik i Sogn (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag) . ISBN 82-90576-11-0 I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Long prairie : ei sognebygd i Amerika (Vik: Vik lokalhistorisk arkiv) . ISBN 82-993204-0-2 I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Ei utvandrarsoge frå Sogndal (Sogndal: Sogndal kulturkontor) . ISBN 82-7560-000-6 I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Vikjer ved fjorden, vikjer på prærien : ein demografisk-komparativ studie med utgangspunkt i Vik i Sogn (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane) . ISBN 82-466-0054-0  [Doktoravhandling]
  • 2004 – Langt borte – men likevel nær : utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962 (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-43-9
  • 2009 – Amerikabrev 1880-1950 : livssoga til to brør frå Romsdal (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-008-4

I bøker – eit utval

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue – 70 år (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-140-5  [Red.: Aage Engesæter, Jan Inge Fardal, Lars Nes. Av innhaldet: Johs. B. som fagkollega, idrettskamerat og ven / Rasmus Sunde]
  • 2016 – Nordfjordboka : kulturhistorisk vegvisar (Førde: Selja forlag : Nordfjord sogelag) . ISBN 978-82-824-0105-0  [Forfattar: Jon Tvinnereim mfl., redaksjon: Torkjell Djupedal, Sverre Folkestad og Jon Tvinnereim. Av innhaldet: Utvandring / Rasmus Sunde]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  • 2016 – Nordfjordboka : kulturhistorisk vegvisar (Førde: Selja forlag : Nordfjord sogelag)  [Om Rasmus Sunde s. 504]

Bakgrunnsstoff

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA