Rasmus  Stauri
string(17) "Rasmus_Stauri.jpg" string(13) "Rasmus_Stauri"

Rasmus Stauri

Fødd: 3. mars 1867

Død: 23. juni 1932

Rasmus Stauri (3. mars 1867–23. juni 1932) var ein norsk lærar, folkeopplysar og forfattar.

Liv

Stauri var fødd i Stryn av bondefolk. Mora, Siri Stauri f. Valaker, gav i 1890 ut Vævebog. Kortfattet praktisk veiledning i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger. Etter eksamen ved Stord lærarskule i 1888 var Stauri lærar i barneskulen og ei tid lærar på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Telemark, før han i 1902 grunnla Gudbrandsdalens Folkehøgskule. Skulen låg først på Kvam (1902–1915), så på Hundorp i Sør-Fron, på den gamle garden til Dale-Gudbrand. Stauri hadde allereie i 1907 engasjert seg i å byggja opp synlege minnesmerke på Hundorp, då han var formann i komitéen som reiste ein bauta over Heilag Olav på den gravhaugen som fekk namnet Olavshaugen. Skulen vart driven i Nikolai Frederik Severin Grundtvigs ånd og hadde elevar frå store delar av landet. Om sommaren arrangerte Rasmus og kona Lise, fødd Høie (1882–1949), nordiske sommarkurs. Det første sommarkurset for nordiske pedagogar vart arrangert i 1908. Profilen på Gudbrandsdalens folkehøgskule var både lokal, regional, nasjonal og skandinavisk. Mang ein kjend forfattar og kulturpersonlegdom vitja folkehøgskulen, mellom andre Sigrid Undset, Tore Ørjasæter, Fredrik Paasche, Francis Bull, Gunnar Knudsen og mange andre. Etter Rasmus Stauri sin død overtok Lise Stauri styringa av skulen. Ho vart Norden sin første kvinnelege folkehøgskulestyrar og fekk i 1947 Kongens fortjenstmedalje for skulearbeidet sitt. I 1948 overtok sonen Are Stauri (1912–72) skuledrifta saman med kona si Dagny Stauri f. Wedum (1922–1994). I 1987 brann skulen og det vart då slutt på drifta.

Mellom 1905 og 1930 gav Rasmus Stauri ut fleire bøker, åleine eller saman med andre. I all si skriving var han folkeopplysningsmann og nasjonsbyggjar, med stor vekt på verdien av soge og diktekunst. Fleire av bøkene har tema knytte til folkehøgskulerørsla, Grundtvig og pedagogikk. Nokre er til skulebruk, som Songbok for norsk ungdom (saman med Mads Berg 1923).

I ei særstilling blant skulebøkene står Fraa sjælelivet. Tri foredrag for lærarar (1911). Det er framleis tyngde i Stauris pedagogiske grunnsyn: «Ein pædagogisk grunnregel er, at barnet maa faa si undervisning paa det spraak som det er vokse op i, og at dei forestillingar, som læraren vil overføre til sine elevar, maa knytast til forestillingar, som barnet har før. (…) Under arbeidet med undervisningsemnet maa han altid spyrgje seg sjølv: Kva veit elevane um dette? Korleis tenkjer dei og kva form gjev dei tankane sine? Korleis skal eg faa binde det nye til dei gamle forestillingane?» I same boka peikar han på at elevane er ulike i høve til læring: Nokre er auditive, andre akustiske og andre igjen motoriske.

I Anders Sandvig og Maihaugen (1926) hyllar han samlaren Anders Sandvig og arbeidet hans for å berge ein historisk arv som var truga. I Nyaarshelg (1914) er programmet noko av det same – i det ytre ein roman, men forteljinga er helst ei orsaking for å formidle kulturhistorisk stoff frå Nordfjord.

Bibliografi

  • 1911 – Fraa sjælelivet : tri foredrag for lærarar (Kristiania: Norli)
  • 1914 – Ungdomsskulen i Norge i 50 år : 1864-1914. I. Folkehøgskulen. II. Amtsskulen. III. Private ungdomsskular. Festskrift 1914 (Oslo: Kyrkjedepartementet)  [Av Haakon Aasvejen og Rasmus Stauri]
  • 1920 – Skriftleg oplæring i morsmålet : for folkeskulen : landsmålsutgåva (Kristiania: Aschehoug)
  • 1922 – Skriftleg oplæring i morsmålet : for folkeskolen : riksmålsutgaven : med valgfrie former (Kristiania: Steenske forlag)  [Saman med Jakob Haraldseid]
  • 1923 – Sangbok for norsk ungdom (Kristiania: Aschehoug)  [Ved Mads Berg og Rasmus Stauri]
  • 1924 – Skriftleg upplæring i morsmålet : for folkeskulen : landsmål med obligatoriske former (Kristiania: Aschehoug)  [Saman med J. Haraldseid]
  • 1930 – Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullmann (Oslo: Noregs Boklag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1996 – 900-årsfesten på Hundorp 29. juli 1921 : eit stormøte i Gudbrandsdalen (Hundorp: R. Stauri) Tilgjengeleg i bokhylla.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA