Ragnvald  Fagerheim
string(22) "Ragnvald_Fagerheim.jpg" string(18) "Ragnvald_Fagerheim"

Ragnvald Fagerheim

Fødd: 8. mars 1883 Rivedal

Død: 19. mars 1961

Minnesmerke over Ragnvald Fagerheim i Dale

Ragnvald Olson Fagerheim (8. mars 1883–19. mars 1961) var ein norsk lærar, lokalhistorikar og Venstre-politikar. Han var frå Rivedal og busett i Dale i Fjaler kommune. Fagerheim tok eksamen frå Elverum lærerskole 1903, og var lærar m.a. ved Dingemoen skule i Dale frå 1921. Han underviste i nynorsk i skulane før kommunestyret hadde gjort formelt vedtak om nynorskbruk.

Fagerheim var medlem av kommunestyret frå 1914, skulestyreformann 1917-1934 og ordførar 1935-1940 og 1945-1947.

Han var forfattar av bygdeboka for Fjaler, og artikkelsamlinga «Fjaler gjennom 1000 år» (utgj. 1977). Ragnvald Fagerheim var far til Oddleif Fagerheim og Magne Fagerheim. Han var den siste som dreiv lærargarden på Vollen, og borna hans har sett opp ein minnestein over faren på tunet i Klokkargarden.

Bibliografi

Bøker

  • 1955? – Fjaler : heradet og næringsvegane : industrimessa i Dale 1955 (Førde: Øens prenteverk)
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 1. Holmedal sokn (Dale: Fjaler sogelag)  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 2. Dale sokn (Dale: Fjaler sogelag)  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 3. Dale og Guddal sokn (Dale: Fjaler sogelag)  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1977 – Fjaler gjennom 1000 år (Førde: Fjaler sogelag)  [Artikkelsamling av Ragnvald Fagerheim]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA