Ragnar Kvamme (18. mai 1915–28. mars 2004) var ein norsk jurist og forfattar. Han var frå Vadheim i Høyanger kommune, og busett i Oslo. Kvamme var sjef for juridisk avdeling i Sjømannsforbundet i mange år. Deretter arbeidde han som jurist i Maskinistforbundet og som advokat i Oslo.

Kvamme gav m.a. ut eit par bøker om sjøfartsjus og fleire humorbøker frå Sogn og Fjordane.

Bibliografi

Bøker

  • 1959 – Mannskapstvister i handels-, fangst- og fiskeflåten (Oslo: Eige forlag) Les boka her  [Domssamling]
  • 1961 – Håndbok i mannskapsrett (Oslo: Eige forlag) Les boka her
  • 1962 – Sogne-stubbar (Oslo: Eige forlag) Les boka her  [Teikningar av Odd Børretzen]
  • 1975 – Spekemat og salt sjø : risper frå Sogn og Sunnfjord (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0517-3 Les boka her  [Teikningar av Odd Børretzen]
  • 1995 – Humor i Sogn og Fjordane (Oslo: Eige forlag) Les boka her
  • 1998 – Sunnfjord i smil og lått (Oslo: Eige forlag) Les boka her  [Teikningar av Odd Børretzen]
  • 1999 – Gamle Sogn : foto og ord : frå bygda Vadheim i ca. 100 år (Oslo: Ragnar Kvamme) Les boka her  [Redigert av Ragnar Kvamme]
  • 2000 – På folkemunne i ytre Sogn (Oslo: Eige forlag) Les boka her
  • 2001 – På folkemunne i ytre Sunnfjord (Oslo: Eige forlag)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA