Ragnar  Hovland
string(52) "Ragnar_Hovland_Bjoernsonfestvalen_2006_(cropped).jpg" string(48) "Ragnar_Hovland_Bjoernsonfestvalen_2006_(cropped)"

Ragnar Hovland

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 15. april 1952 (65 år) Bergen

Yrke: Forfattar

Periode: 1979 –

Debut: Alltid fleire dagar

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, omsetjar og forlgaskonsulent fødd i Bergen.[1] Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe.[2] Hovland skriv på nynorsk. Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdistisk tilsnitt».[1] Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og blei gjeven Aschehougprisen 2012 for sin «fantastiske forfatterskap».[1]

Bakgrunn

Ragnar Hovland var fødd i Bergen og voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn. Far hans var prest.[2] Han er dotterson til Bjørgvin-bispen og bibelomsetjaren Ragnvald Indrebø.[3]

Under gymnastida var Hovland i Stavanger. Han utdanna seg til cand.philol med engelsk, fransk og litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i perioden 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo.

Forfattarskap

Ragnar Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Året etter gav han ut ei barnebok, Det får stå til.[1]

I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen.

Musikk

Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane. Han har gjendikta Stephen Sondheims musikal Sweeney Todd til nynorsk. Teksten til Odd Nordstoga sin kjende «Kveldssong for deg og meg» er henta frå Hovland si diktsamling Elefantmusikk.[4]

Bibliografi

Bøker

  • 1986 – Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0191-7
  • 1987 – Landet på den andre sida (Larvik: Norsk barneblad) . ISBN 82-7095-123-4 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Red.: Tor Åge Bringsværd, Tordis Fosse og Ragnar Hovland]
  • 1988 – Love me tender : eit mysteriespel i to akter (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0308-1
  • 1989 – Skrivestadier : 26 forfattarar kommenterer eigen skriveprosess (Oslo: Landslaget for norskundervisning : Cappelen) . ISBN 82-02-11792-5  [[red.:] Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad]
  • 1990 – Gjest Baardsen døyr aleine ved Nilens breidd : eit draumspel (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0384-7
  • 1992 – Langs kvar ein veg : Nashville, Memphis, Austin (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4021-1 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad]
  • 1993 – Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen : tre drama (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4236-2 Tilgjengeleg på bokhylla.no
  • 1994 – Ein dag i Sherwoodskogen : tre drama (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7945-6 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Illustratør: Arne Nøst]
  • 1995 – Vegen til Navan (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4287-7 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad]
  • 1996 – Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskervill (og andre dikt) (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4844-1 Tilgjengeleg på bokhylla.no
  • 1997 – Waterloo (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4886-7 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad]
  • 1998 – Detektivforteljing (Oslo: Samlaget)
  • 1998 – Halve sanninga : tre versjonar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4519-1
  • 2001 – Ei vinterreise : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5706-8
  • 2002 – Norske gleder (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5965-6
  • 2002 – Verdt å vite (trur eg) (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-05-27947-0
  • 2003 – Finske dagar og netter : reiser i Finland (Oslo: Damm) . ISBN 82-04-09238-5  [Av Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad]
  • 2006 – 1964 : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6919-8
  • 2006 – Brevet (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-05-34574-0
  • 2006 – Dr. Munks popleksikon (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7244-7
  • 2006 – Fredlaus : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6950-8
  • 2011 – Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly : ei reise i Canada (Stavanger: Wigestrand) . ISBN 978-82-8140-123-5  [Av Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad]
  • 2011 – Kunsten å komme heim og anre essay (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7766-4
  • 2011 – Stille natt : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7637-7
  • 2013 – Frå Ragnar til alle : e-post i utval (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8412-9
  • 2016 – Om noko skulle skje (Ungdomsbok, Samlaget)

I bøker – eit utval

  • 1984 – Grøss : noveller for ungdom (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-15396-5 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Sonjas smil / Ragnar Hovland, side 52-59]
  • 1984 – Kjærlighet : noveller for ungdom (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-15397-3 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Ein sykkel på havsens botn / Ragnar Hovland, side 126-137]
  • 1989 – Signaler ’89 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-12026-8  [Inneheld tekst av Ragnar Hovland]
  • 1990 – Ingen andre så min mor bade : seksten norske noveller (Oslo: Ex Libris) . ISBN 8273842371 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Trekkspel / Ragnar Hovland, side 22-31]
  • 1990 – Novellevår 90 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3535-8 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Ein enkel jobb / Ragnar Hovland, side 37-54]
  • 1990 – Nye norske sengehester. 1. Norske forfattere skriver erotisk (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-12464-6 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Stasjonen / Ragnar Hovland, side 7-20]
  • 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3538-2 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Sjå for ein stil / Ragnar Hovland, side 24-30]
  • 1991 – Noveller : av diktere i dette landet preget av vinter (Oslo: Messel) . ISBN 82-7631-003-6 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Historia / Ragnar Hovland, side 105-124]
  • 1993 – Damer i vest (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4199-4 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: I begge endar / Ragnar Hovland, side 71-72]
  • 1993 – Katten må sova ute : lesestykke for barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4166-8 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Den dansande bjørnen og eg. Kyssing / Ragnar Hovland, side 22-26]
  • 1993 – Norske perler i prosa. 3. Noveller 1975-1993 (Oslo: Bokklubben kunnskap og kultur) . ISBN 82-525-2537-7 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Dei siste beat-poetane i Midthordaland / Ragnar Hovland]
  • 1993 – Olympiske grener O.L. : 22 forfattere med originalskrevne noveller (Oslo: Tiden) . ISBN 82-10-03681-5 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Då Ole Hagen viste kva utforer / Ragnar Hovland]
  • 1994 – De beste norske novellene (Oslo: Aventura) . ISBN 82-588-1040-5 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Trekkspel / Ragnar Hovland, side 135-144]
  • 1996 – 21 hundreår (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-24119-0 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Langt frå Metz / Ragnar Hovland, side 146-156]
  • 1997 – Norske tekster : prosa etter 1900 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-16371-4  [Av innhaldet: Seinsommarnattsdraum / Ragnar Hovland]
  • 1998 – Jeg elsker deg : en antologi (Oslo: Stenersen) . ISBN 82-7201-240-5 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Du får ikkje gå for fort / Ragnar Hovland]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 2. Prosa (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6117-0  [Inneheld bidrag av Ragnar Hovland]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 3. Dikt og biletbøker (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6118-9  [Inneheld bidrag av Ragnar Hovland]
  • 2006 – Passor: spøkelse : 15 nordiske grøss (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6617-0  [Av innhaldet: Den nye guten / Ragnar Hovland]
  • 2006 – Signaler 2006 : Cappelens årlige debutantantologi (Oslo: Cappelen) . ISBN 978-82-02-25784-2  [Inneheld tekst av Ragnar Hovland]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Ulven under senga / Ragnar Hovland]
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Møtet med julenissen / Ragnar Hovland]
  • 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7179-2  [Av innhaldet: Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt. Kveldssong for deg og meg / Ragnar Hovland]
  • 2009 – Den beste låta (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-30040-1  [Av innhaldet: Når livet er fylt med mykje forvirring / Ragnar Hovland]
  • 2011 – Jeg fant, jeg fant! : dikt for barn (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-41674-1  [Av innhaldet: I mørke natt / Ragnar Hovland]
  • 2012 – Ler dei no, så har eg vunne : møte med Ragnar Hovland (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8133-3  [Forfattarar: Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Av innhaldet: Balladen om det store raset i Luster. Ein countryrockars draum. Første sommarferie. Hasta la victoria siempre, Einar Ø.! Horungavåg-spelet (eit innandørs utespel). Julekveld i skogen. Min veg til filmen. Noko fælt i vedskjulet. Siste båt til Vadheim. Sommarnatt. Stillferdige menn går i land. Å julegran / Ragnar Hovland]
  • 2015 – DUS, den unge scenen (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-347-3  [Av innhaldet: Julekveld / Ragnar Hovland]

I tidsskrift – eit utval

Prisar og utmerkingar

  • Kultur- og vitenskapsdepartementets debutantpris 1980
  • Noregs Mållags barnebokpris 1981
  • Ein av tre vinnarar i Samlagets romankonkurranse 1985
  • Førsteprisvinnar i Eides barnebokkonkurranse 1985
  • Noregs Mållags barnebokpris 1986
  • Målrockprisen 1987 saman med Atle Hansen
  • Omsetjarpris frå KUD 1989
  • Melsom-prisen 1990
  • Brageprisen 1992
  • Noregs Mållags barnebokpris 1994
  • Nynorsk litteraturpris 2001 for Ei vinterreise
  • Kritikerprisen 2001
  • Samlagsprisen 2002
  • Sunnmørsprisen 2002 for Norske gleder.
  • Ordknappen 2006 for Brevet
  • Noregs Mållags barnebokpris 2006
  • Kritikarprisen for barne- og ungdomslitteratur for Fredlaus 2006
  • Doblougprisen 2008
  • Bastianprisen for omsetjing av Roald Dahl: Georgs magiske medisin 2008.
  • Aschehougprisen 2012[5]

Referansar

  1. 1,01,11,21,3 «Ragnar Hovland», Store norske leksikon, 9. februar 2014, https://snl.no/Ragnar_Hovland, henta 6. mars 2017 
  2. 2,02,1 Finn Tokvam; Silje Martinsen Wettre (07.06.2012), Livet, Døden, Sognefjorden og Kjærleiken – Eit portrett av Ragnar Hovland, https://www.nrk.no/kultur/portrettet—ragnar-hovland-1.8180770 
  3. BlixBlog
  4. Øystein Espe Bae (2. august 2012): Nordstoga: Popmusikk er som slåttestev. Framtida
  5. Ragnar Hovland fekk Aschehougprisen. bt.no (30. august 2012).

Bakgrunnsstoff

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA