Peter  Harboe  Frimann
string(36) "Peter_Harboe_Frimann_(1752-1839).jpg" string(32) "Peter_Harboe_Frimann_(1752-1839)"

Peter Harboe Frimann

Fødd: 19. november 1752 Selje

Død: 21. september 1839 (86 år) København

Yrke: Embetsmann, forfattar

Peter Harboe Frimann (19. november 1752–21. september 1839) vart fødd på prestegarden i Selje i Nordfjord i Sogn og Fjordane, og vaks opp der. Han arbeidde 36 år i utanriksdepartementet i kongeriket Danmark-Noreg. Diktergjerninga var kort; i åra 1774 til 1775 skreiv han dei seks dikta som er gjevne ut.

Peter Harboe Frimann var yngste barnet til Sara Cold (1714-1800) og prest Peder Harboe Frimann (1713-1759). Han tok til ved Bergen Katedralskole i 1768[1] og etter berre eitt år i Bergen kunne Peter Harboe Frimann reise til København og begynne ved universitetet i byen. Men han fullførte aldri det juridiske studiet, men byrja i staden som læregut ved eit av statens handelskontor i 1772. Dette var starten på karriera til Peter Harboe Frimann i utanriksdepartementet, som i 1786 skulle føre han til den dansk-norske ambassaden i Stockholm og seinare same år til St. Petersburg som mellombels legasjonssekretær. Men allereie året etter, i 1787, blei Peter Harboe Frimann sendt attende til Stockholm og til teneste ved ambasssaden. Der vart han verande til 1795 då Harboe Frimann blei kalla tilbake ei stilling som førstesekretær ved utanriksdepartementet. Dette embetet hadde han til avskildssøknaden blei sendt 1832.[2]

Peter Harboe Frimann skreiv seks dikt i perioden 1774 til 1775, og han kom «aldri sidan til å skriva meir, trass i ros og oppmodingar om det frå dei fremste smaksdomarane».[3]St. Sunneves Kloster paa Selløe, med omliggende Faste land, poesistykket om Selje kloster, fekk førstepremien i ein konkurranse Selskabet for de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmels lyste ut i 1774. Han skreiv ein poetisk tekst om fjellet Hornelen, Horneelen, et Bierg Nordenfields i Norge, og også dette diktet var eit resultat av ein konkurranse med temaet Forsøg i den malende Poesie[4] som Selskabet for de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmels stod ansvarleg for.

Seks dikt er kjent skrivne av Peder Harboe Frimann, og fem av desse er registrert i bibliografien nedanfor. Det sjette med tittelen Ode til Phantatus, er ikkje kjent prenta. Peder Harboe Frimann kalla skriftstykket «en Bagatelle, som jeg næsten havde glemt».[5]

Poesien til Peder Harboe Frimann høyrer til i førromantikken og er prega av dei same emna, symbola og språket som sine samtidige. Likevel skil han seg ut i dikta, meiner Reidar Djupedal, ved å skape eigne stemningar og kjensler. Peder Harboe Frimann er inspirert av naturen han kjenner, og prøver å halde fast ved grunnstemningar gjennom heile dikta. [6]

I dødsbu-auksjonen etter Peder Harboe Frimann kom det fram at han eigde 50 bøker. Talet på titlar er ikkje høg, men inventarlista synte at han i bokhylla hadde åtte bøker og verk på tysk av filosofen Immanuel Kant, hovudarbeidet til filosof og grunnleggjar av faget økonomi; An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations (1776), av Adam Smith. Av dei 50 titlane som blei registrert i dødsbuet kunne berre ei utgjeving kategoriserast som skjønnlitteratur.[7] Dette samsvarar kanskje med ei ytring Peder Harboe Frimann hadde i 1790: «Jeg har aldrig beskieftiget mig med Poesien con amore».[8]

Boksamlinga speglar litt av interessa Peder Harboe Frimann haddde for filosofi.[9]

Peder Harboe Frimann døydde ugift i København i september 1839.

Bibliografi

  • Peter Harboe Frimann (1775) Poetiske Samlinger : utgivne av et selskab : förste Stykke (red. Det norske selskab) – A. H. Godiches efterleverske ved F.C. Godiche, København [Dikta Axel Tordsen og skiøn Valborg side 6-20, Ode til søvnen s.37-48 og Tanker ved en Flod, en Rhapsodie s. 49-66].
  • Peter Harboe Frimann (1777) «St. Sunneves Kloster paa Selløe, med omliggende Faste land» – i: Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber, s. 4-24 – Nicolaus Møller, København [Tolvte Stykke].
  • Peter Harboe Frimann (1777) «Horneelen, et Bierg Nordenfields i Norge» – i: Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber, s. 79-92 – Nicolaus Møller, København [Tolvte Stykke].
  • Peter Harboe Frimann (1793) «Axel Tordsen og skiøn Valborg» – i: Poetiske Samlinger, s. 3-20 – Johan Frederik Schultz, København [Første stykke, band 1].
  • Peter Harboe Frimann (1793) «Ode til Søvnen» – i: Poetiske Samlinger, s. 37-48 – Johan Frederik Schultz, København [Første stykke, band 1].
  • Peter Harboe Frimann (1793) «Tanker ved en Flod, en Rhapsodie» – i: Poetiske Samlinger, s. 49-66 – Johan Frederik Schultz, København [Første stykke, band 1].
  • Peter Harboe Frimann (1983) Norske dikt : 2 (red. Brikt Jensen), s. 47 – Gyldendal forlag, Oslo [Diktet Ode til søvnen].

Tekstar om Peter Harboe Frimann

  • Reidar Djupedal (1959) «Peder Harboe Frimann : seljeværing og europear» – Årbok for Nordfjord, s. 60-86.
  • Ivar Havnevik (red., 2005) Den store norske diktboken, s. 145-147, 720 – Pax forlag, Oslo [Diktet Ode til søvnen].

Kjelder

Referansar

  1. Djupedal 1959, side 62
  2. Djupedal 1959, side 64, 65, 66
  3. Djupedal 1959, side 71
  4. Djupedal 1959, side 79
  5. Djupedal 1959, side 81
  6. Djupedal 1959, side 71-72
  7. Djupedal 1959, side 70
  8. Djupedal 1959, side 81
  9. Djupedal 1959, side 62-63
  10. Lampe 1896, side 159-160. Denne Peder Harboe Frimann er far til den biograferte i Wikipedia-artikkelen

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA