Per  Tang
string(12) "Per_Tang.jpg" string(8) "Per_Tang"

Per Tang

Fødd: 1882

Død: 1954

Per Tang (1. juni 1882–31. oktober 1954) var ein norsk offiser og kartograf. Han var frå Hafslo i Luster kommune. Tang tok eksamen frå den Militære høgskulen i 1907 og arbeidde i generalstaben frå 1909. Frå 1913 arbeidde han i Norges geografiske oppmåling, frå 1918 til 1948 som topograf. Tang grunnla grensearkivet til oppmålinga og bidrog til å fastsetja Norge sine administrative grenser. Han arbeidde også med å berekna arealet for norske fylke og kommunar. I 1946 var han konsulent for Kommuneinndelingskomitéen.

Tang var historisk interessert, og var ein av grunnleggjarane av Historielaget for Sogn i 1909, og av Sognelaget i Oslo i 1914. Han bidrog til ei rekkje bygdebøker, og han skreiv artiklar om Norges geografi til Norsk Allkunnebok.

Bibliografi

Bøker

  • 1924 – Moe gård i Hafslo : efterkommere av Adam Hansen Reutz og Karen Munthe Rumohr (Bergen: Grieg)  [Særtrykk av: Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, no 6, 1924]
  • 1936 – Norges inndelingsgrenser og deres avlegning på Norges geografiske opmålings karter (Oslo: Grøndahl) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1946 – Noko om bygdeinndelingar i Noreg i gamal og nyare tid : eit oversyn (Oslo: Kommuneinndelingskomiteen)
  • 1949 – Topografisk skildring av Land (Oslo)
  • 1950 – Nokre kjende slekter i Sogn og frå Sogn : eit oversyn (Leikanger: Ingvald Husabø prenteverk) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1952 – Om en revisjon av den kommunale inndeling m.v : prinsipielle retningslinjer : innstilling II fra Kommuneinndelingskomitéen : komitéen oppnevnt ved kongelig resolusjon av 31. oktober 1946 (Oslo: Justis- og politidepartementet) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1953 – Engerdalen herred : herredsbeskrivelse utarbeidet av kaptein Tang i 1916 (Flisa) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1955 – Hafslo : ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid (Leikanger: Ingvald Husabø prenteverk)

I tidsskrift -eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA