Per Sandal (22. mai 1942–23. april 2005) var ein norsk historikar, forskar og forfattar. Han vaks opp på Breim i Gloppen, og var busett store delar av livet i Sogndal. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie i 1972 og arbeidde frå 1982 som førsteamanuensis ved Distriktshøgskulen i Sogndal (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane). Sandal synte tidleg interesse for lokalhistorie og han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 90-åra. I hovudfagsoppgåva tok han for seg økonomisk og sosial struktur i heimbygda Breim i perioden 1865–1910. I midten av 1970-åra gjekk han så laus på oppgåva med å skrive bygdeboka for Gloppen og Breim. Ho kom ut i til saman fem bind i tida 1978–2001 og blir rekna som eit føredøme i lokalhistoriesjangeren. Sandal fekk i 2003 Gloppen kommune sin kulturpris for verket.

Sandal spela ei sentral rolle i arbeidet med å byggje opp eit eige studium innanfor lokalhistorie i Sogndal frå 1970-åra og utover. Han skreiv fleire lærebøker, mellom anna Ættegransking (1980), Lokalhistorie (1983) og På leit etter slekta (1991), og han underviste sjølv i faget. Sandal la stor vekt på å verdsetje folkeleg historieengasjement, og å gi amatørforskarar påfyll med faghistorisk kunnskap og metode. I 1982–91 var han styremedlem i Landslaget for lokalhistorie.

Bibliografi

Bøker

  • 1977 – Sogndal idrettslag 1926-1976 : idrett- og lagsarbeid gjennom 50 år (Sogndal: Sogne-Prent)
  • 1978 – Soga om Gloppen og Breim. Band 1. Frå dei eldste tider til om lag år 1800 (Sandane: Gloppen sparebank)
  • 1979 – Soga om Gloppen og Breim. Band 2. Frå om lag 1800 til vår tid (Gloppen: Gloppen sparebank) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1980 – Ættegransking : ei elementær innføring til bruk i brevkurs eller sjølvstudium (Oslo: Fram brevskule) . ISBN 82-513-0052-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1982 – Gloppens sparebank : ein bygdebank gjennom hundre år : 1882-1982 (Sandane: Gloppen sparebank) . ISBN 82-7101-102-2
  • 1986 – Sogndal bygdebok. Band 1. Allmenn bygdesoge. Tida før 1800 (Sogndal: Sogndal sogelag) . ISBN 82-7101-125-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Soga om Gloppen og Breim. Band 3. Gardar og ætter : 1. Gimmestad sokn. 2. Hyen sokn (Sandane: Gloppen sparebank)
  • 1990 – 150 år med bøker : Gloppen folkebibliotek 1840-1990 (Sandane: Gloppen folkebibliotek) . ISBN 82-992227-0-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1992 – Soga om Gloppen og Breim. Band 4. Gardar og ætter : 3. Vereide sokn (Sandane: Sparebanken Sogn og Fjordane) . ISBN 82-992720-0-9
  • 2001 – Soga om Gloppen og Breim. Band 5. Gardar og ætter. Breim sokn (Sandane: Sparebanken Sogn og Fjordane) . ISBN 82-992720-1-7

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA