Øystein Vidnes (fødd 18. august 1976 i Fiskå i Vanylven) er ein norsk forfattar, formgjevar og omsetjar. Han er busett i Leikanger.

Vidnes fullførte vidaregåande skule i Volda i 1995, og vart våren 1999 cand.mag. ved Universitetet i Bergen med mellomfag i medievitskap og allmenn litteraturvitskap. Han gjekk ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i året etter. Vidnes har skrive to bøker til no, Bondeforteljingar frå 2002 og Ekstasar frå 2006, og har i 2009 omsett ein del dikt av Fernando Pessoa og romanen Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Mellom 2005 og 2013 har han vore formgjevar i tidsskriftet Vagant og bokmeldar i Morgenbladet. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark.

Bøkene hans er humoristiske og eksperimentelle, og til tider nesten surrealistiske. Bondeforteljingar inneheld moderne og ironiske versjonar av tradisjonelle bondeforteljingar, og han parodierer også stereotypiar av bønder. I Ekstasar møter lesaren ein ein mentalt ustabil ordførar som brått vert anarkist.

Vidnes fekk i 2010 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka Veslebror ser deg. Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakreste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen.

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Bondeforteljingar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6115-4
  • 2006 – Ekstasar : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6867-1
  • 2009 – Globaliseringsboka (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7347-5  [Av: Teresa Grøtan ; illustrasjonar: Øystein Vidnes]

Gjendiktingar

  • 2009 – 2 dikt om modernitet (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-29139-6  [Av: Alvaro de Campos og Fernando Pessoa ; gjendikta av Øystein Vidnes]
  • 2012 – Alberto Caeiros poesi (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-36809-8  [Av: Fernando Pessoa ; gjendikta av Øystein Vidnes]

Omsetjingar

  • 2009 – Veslebror ser deg : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7331-4  [Av: Cory Doctorow ; omsett frå engelsk av Øystein Vidnes]
  • 2016 – Frankenstein eller den moderne Prometevs (Leikanger: Skald) . ISBN 9788279592495  [Av: Mary Shelley ; omsett frå engelsk av Øystein Vidnes]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA