Øystein  Rakkenes
string(21) "Øystein_Rakkenes.jpg" string(17) "Øystein_Rakkenes"

Øystein Rakkenes

Fødd: 1956 Tromsø

Øystein Rakkenes (fødd 1956 i Tromsø) er ein norsk journalist, forfattar og filmskapar, mellom anna kjend frå radio- og TV-program sendt i NRK.

Øystein Rakkenes vaks opp i Måløy og Deknepollen i Vågsøy kommune,[1] og er no busett på Nesodden. Han har vore sjømann og mellom anna arbeidd som rådgjevar for Dalai Lama sin stab i Dharamsala i India.[1][2] Øystein Rakkenes var dessutan den første læraren og mentoren for tibetanarane sin eksil-radiostasjon, Voice of Tibet, ved oppstarten i Dharamsala i 1996.

Øystein Rakkenes har arbeidd som programleiar, nyhendejournalist, reportar og TV-produsent sidan 1989.[1] Rakkenes sitt spesialfelt har vore samfunnsjournalistikk og verdi- og livssynsspørsmål.[2] Han har også arbeidd mykje med tilhøva i Sør-Afrika, India[3] og Tibet.[2] I NRK starta han i nyheitsredaksjonen og har sidan delteke i redaksjonane i mellom anna Verdibørsen,[3]Sånn er livet og EKKO, NRK P2s program om aktuelle samfunnsforhold og menneske. Han har også vore kåsør i kulturavdelinga i P2, ved sidan av å produsera TV-program for Fakta-avdelinga i NRK fjernsynet.[2]

I 2001 gav Øystein Rakkenes ut boka Havlandet på Selja forlag saman med fotografen Thomas Bickhardt. Boka er eit møte med tradisjonelle verdiar i kystsamfunn på Vestlandet i kontrast til raskt skiftande levesett påverka av oljeindustrien. I 2003 kom Himmelfolket : en norsk høvding i Zululand på Cappelen forlag. Boka handlar om Hans Paludan Smith Schreuder frå Sogndal, mannen som vart zulukongen sin ambassadør og Noreg sin første internasjonale fredsmeklar. I 2006 fekk Øystein Rakkenes prisen for årets beste dokumentar for filmen In Gandhi’s footsteps ved Indo-American Film Festival i Atlanta, USA. Filmen handlar om ein av dei mest kjende aktivistane i India, Kiran Bedi, og vart produsert av Pål Chr. Buntz. I 2010 fekk Øystein Rakkenes Amanda-prisen for dokumentarfilmen Brødre i krig, som han var regissør for. Filmen er eit nært portrett av to brør frå Trondheim som hamnar på kvar si side under andre verdskrigen. Etter nesten 70 år møtest dei i heimbyen Trondheim, den eine tidlegare frontsoldat, og den andre britisk spion. Ei bok med same tittel vart gitt ut på Pax forlag i 2010.[1][4]

Dokumentarfilmen Det siste vitnet, der Øystein Rakkenes er regissør og produsent, var opningsfilmen under Kortfilm- og dokumentarfilmfesitvalen i Grimstad i juni, 2013. Dette er ein film om Pelle-gruppa, ei sabotasjegruppe leia av Ragnar Sollie. Filmen viser korleis mektige aktørar i norsk samfunnsliv avlytta, trakasserte og utsette fleire av Pelle-gruppa sine medlemmar for yrkesforbod i tida etter 1945. Det siste vitnet vekte debatt omkring den store forskjellsbehandlinga av norske motstandsmenn etter krigen. Filmrosjektet var også medverkande til at bystyret i Oslo bestemte seg for å heidra Pelle-gruppa med eit monument på Aker Brygge. Det vart avduka 22. november 2013.

Bibliografi

  • 2001 – Havlandet : folk og landskap i ytre Nordfjord (Førde: Selja : Sunnfjord museum) . ISBN 978-82-8240-013-8  [Thomas Bickhardt [fotograf], Øystein Rakkenes [forfattar]]
  • 2003 – Himmelfolket : en norsk høvding i Zululand (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-20492-5
  • 2009 – Panorama Nordfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-013-8  [Thomas Bickhardt [fotograf], Øystein Rakkenes [forfattar]]

Prisar

  • Amanda for beste dokumentar 2010 for Brødre i krig

Kjelder

Referansar
  1. 1,01,11,21,3 Om Øystein Rakkenes i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  2. 2,02,12,22,3 Journalisten.no om Øystein Rakkenes 2008
  3. 3,03,1 NRK om Øystein Rakkenes 2002
  4. Pax forlag si reklameside om boka Brødre i krig


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA