Ove  Eide
string(12) "Ove_Eide.jpg" string(8) "Ove_Eide"

Ove Eide

Nasjonalitet: Noreg

Fødd: 1. september 1950 (66 år) Sandane

Yrke: Skuleleiar

Sjanger: Sakprosa og biografiar

Ove Lidvar Eide (fødd 1. september 1950 på Sandane) er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har gått inn for å formidla diktaren Jakob Sande, mellom anna gjennom ein biografi.

Liv og virke

Ove Eide tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen, der han tok for seg forfattaren Lars Rustbøle. Sidan skuledagane har han hatt eit nært tilhøve til Jakob Sande, og Eide har lenge redigert og bidrege til utgjevingane om Jakob Sande som Jakob Sande-selskapet kjem med annakvart år.

Eide sin store biografi over Jakob Sande, som kom ut i 2006, har vore eit livsprosjekt for han. Per Olav Kaldestad frå Bergens Tidende meinte at boka «fortener å bli ståande som standardverket om forfattaren». Boka fekk mykje publisitet for Eide si misnøye med Jon Eikemo sine Sande-tolkingar. Eide meinte at Eikemo hadde framstilt Sande som ein moromann, og at skodespelaren hadde fortrengt den mørke straumen av einsemd og fortaping i Sande si dikting. Dette tok media tak i og Eide måtte forklare seg nærare i både radio og aviser.[1]

Eide har også samla idrettslaget Sandane Turn og Idrettslag si hundreårige historie mellom to permar. Boka kom ut to år etter jubileumet. Han er også mykje brukt som bokmeldar.

Eide er lektor i norsk og mediefag ved Firda vidaregåande skule på Sandane i Sogn og Fjordane, og har stilling som utviklings- og fornyingsleiar. Han har også har hatt ei rekkje tillitsverv i organisasjonar, mellom i anna Nordfjord Folkemuseum. Han sit dessutan i utvalet for utvikling av norskfaget, og var medlem av læreplangruppa for norsk og aktiv i arbeidet med dei nye læreplanane for norskfaget i Kunnskapsløftet. Ove Eide har også vore medlem av Språkrådet sitt fagråd for skule og offentleg forvalting.[2]

Bibliografi

Bøker

  • 1994 – Vegar i Jakob Sandes dikting : arbeidsbok med forslag til særemneopplegg, bibliografi og ordliste (Dale: Jakob Sande-selskapet) . ISBN 82-91253-01-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Ove Eide, Ivar Svensøy, Roar Øvrebust]
  • 1996 – Ei bru mellom fortid og framtid : Sandane ungdomslag 1896-1996 (Sandane: Sandane ungdomslag) . ISBN 82-994147-0-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Ove Eide, Ola Nyhagen]
  • 1998 – Meir enn ein skule : Firda gymnas, Firda vidaregåande skule 1922-1997 (Sandane: Skulen)  [Hovudred.: Ove Eide]
  • 1999 – Vestland, Vestland (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5495-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red.: Ove Eide, Jardar Skaadel]
  • 2002 – Hundre år med STIL : Sandane Turn og Idrettslag 1900-2000 (Sandane: STIL) . ISBN 82-996476-0-6
  • 2006 – Jakob Sande : liv, dikting (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6497-8
  • 2006 – Jakob Sande 100 år : årbok. 2006 (Førde: Selja : Jakob Sande-selskapet) . ISBN 82-91722-72-2  [Red.: Ove Eide]
  • 2009 – Dønningar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-00-22  [Av Jon Tolaas ; etterord av Ove Eide]
  • 2010 – Gamle Selje (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-029-9  [Av Reidar Djupedal ; red. av Ove Eide]
  • 2011 – Huldra, draugen og fanden sjølv : segner frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-045-9  [Ill.: Finn Egil Eide]
  • 2012 – Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv : eventyr frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-057-2  [Red.: Ove Eide ; ill.: Finn Egil Eide]
  • 2013 – Mysterium : dikt og noveller av ungdom i Sogn og Fjordane (Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Red.: Ove Eide]
  • 2014 – Bodils spiskammers (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-081-7  [Av: Bodil Fjellestad Eikrem, Ove Eide og Ronny Solheim (foto)]
  • 2014 – Dikt i utval (Skjåk: Skjåk kommune) . ISBN 978-82-999543-0-3  [Av Jan Magnus Bruheim ; ved Ove Eide]
  • 2014 – Vereide kyrkje : kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år (Bergen: John Grieg forlag) . ISBN 978-82-533-0310-9  [Redaktør: Ove Eide ; fotograf: Ronny Solheim ; bildered.: Bård Vereide]
  • 2016 – Laks, lordar og lokalmat : Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-109-8
  • 2017 – Holvikjekta : sjøens stavkyrkje (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-116-6

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Referansar

  1. «Om Jon Eikemos ære» av Olav Kobbeltveit på BT.no (25.10.2006).
  2. Språkrådet

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA