Ottar  Starheim
string(18) "Ottar_Starheim.jpg" string(14) "Ottar_Starheim"

Ottar Starheim

Fødd: 1946

Død: 18. mai 2012

Ottar Starheim (1946–18. mai 2012)[1] var ein journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune i Nordfjord. Starheim har sidan 1963 vore journalist i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal. I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar i 1977. I 1979 vart Starheim den første distriktssjefen i NRK Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1990. På 1990-talet arbeidde han i hovudsak med historiske program. Har frå 2001 vore forfattar av NRK Sogn og Fjordane sitt nettbaserte Fylkesleksikon. Fylkesleksikonet vart i 2009 utgjeve som bokverk på 3250 sider, fordelt på 4 bind (NRK Aktivum). Han har vore fotograf for ein stor del av dei 12000 bileta i bokverket. Starheim har fått Presseprisen for Sogn og Fjordane 2 gonger. Ottar Starheim har m.a. vore leiar i ungdomslag og idrettslag både på Stårheim, i Måløy og Førde. Han var styreleiar i Sunnfjord Skisenter AS under utbygging av alpinanlegget på 1980-talet, styreleiar i Førde Næringsutvikling AS, styreleiar i Stårheim Kraft AS. Starheim var busett i Førde.

Bibliografi

Bøker

  • 1999 – 50 år med Ramstad : -med begge beina på jorda, står du still- (Førde: Ramstad eskefabrikk) . ISBN 82-995316-0-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2003 – Måløy : brua og byen (Måløy: Måløybrua AS) . ISBN 82-303-0106-9  [Av: Ottar Starheim, Terje Sølvberg ; fotograf: Arild Nybø]
  • 2003 – Tunge tak : historia om godstransporten i Sogn og Fjordane (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-33-1
  • 2004 – Tida flyg : historiske flyfoto frå Sogn og Fjordane  : basert på Johan Ottesens fotoarkiv (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-42-0
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 1. Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-26-3  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 2. Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-27-0  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 3. Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-28-7  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 4. Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal, Sogn og Fjordane (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-29-4  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2012 – Bygdesoga for Stårheim (Stårheim: Stårheim bygdelag)  [Nettutgåve]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Referansar

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA