Oskar  Nesse

Oskar Nesse

Fødd: 19. oktober 1897

Død: 21. november 1991

Oskar Nesse (19. oktober 1897–21. november 1991) var ein norsk lærar. Han vart fødd i Borgund i Lærdal. Nesse tok eksamen ved Stord lærarskule i 1918, og same året vart han tilsett ved framhaldsskulen i Lærdal. I 1922 flytta han til Botne i Vestfold, men 3 år etter flytta han tilbake til Lærdal. Der jobba han som lærar, styrar og skuleinspektør fram til 1964. Nesse var også klokkar ved Hauge kyrkje i 40 år. Han var med i lærarlaget, først som formann i lokallaget i Lærdal og frå 1945 til 1958 var han leiar i Sogn Lærarlag.

Bibliografi

Bøker

  • 1966 – Sogn Lærarlag 1896-1966 (Høyanger: Sogn Lærarlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1968 – Kyrkjene på Borgund : nyekyrkja 100 år 1968 (Lærdal: Borgund sokneråd) I fulltekst ved nb.no
  • 1975 – Om bevaring og rehabilitering av gamle bygningsmiljøer på Lærdalsøyri (Lærdal: Arbeidsutvalget)  [Red.: Oskar Nesse. 3 bind i 1]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA