Ole Røyseth Brende

Fødd: 20. september 1908 Hareid

Død: 8. mars 2000

Ole Røyseth Brende (20. september 1908–8. mars 2000) var ein norsk bedriftseigar, gründar og forfattar. Han var fødd på Hareid og busett i Flora. I ungdomsåra var Brende på selfangst i ishavet og skreiv skildringar frå ferdene i Sunnmørsposten. I 1941 skipa han Florø Møbel- og Trevarefabrikk A/S. Fabrikken hadde opptil 20 personar i arbeid.

Brende var politisk engasjert og ein aktiv sjakkspelar.

Bibliografi

Bøker

  • 1965 – Det pengeløse samfunn (Bergen: Bondes forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1965 – Gratissamfunnet (Bergen: Lanser forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1977 – Ung elsk (Oslo: Lanser forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1983 – Kvardagsheltar i vanførearbeidet : utgitt til ære for vanføresaka generelt, men for Sunnfjord vanførelag sitt 50-års jubileum (1933-1983) spesielt (Florø: Sosiologisk forlag) I fulltekst ved nb.no

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA