Ole Jonny Eikefjord

Fødd: 21. september 1970 Førde

Ole Jonny Eikefjord (fødd 21. september 1970) er ein profilert norsk gourmetkokk[1], kokebokforfattar og restauranteigar. Saman med forretningsmannen Petter Stordalen[2] eig han restaurantane Eik Annen Etage, Restaurant Eik, Restaurant Fjord og Bella Bambina[3]. Eikefjord har også vore fast kokk på TV2 sitt populære program Sommertid,[4] og han laga bryllaupsmiddagen under det norske kronprinsparet sitt bryllaup den 25. august 2001.[5][6]

Eikefjord kjem frå Førde i Sogn og Fjordane.[7] Han starta, som Terje Ness[8] kokkekarrieren på Sunnfjord hotell der han gjekk gradene frå lærling til kjøkkensjef. Deretter vart han kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo[9]. Der vart han ”oppdaga”[10] av Petter Stordalen, og saman starta dei Restaurant Eik som har fått utmerkinga «Bib-gourmand» heile 9 gonger i Michelinguiden, også i 2013.[11] I kjølvatnet av Restaurant Eik starta dei opp Eik Annen Etage, fiskerestauranten Fjord og italienske Bella Bambina.

Eikefjord gav i 2008 ut den kritikarroste boka Gourmet for folket, som vart nominert til Årets Norske Kokebok same år.[12] I 2011 følgde han opp med kokeboka «Fisk og skalldyr – delikatesser fra mesterkokken». Han har også fått toppkarakterar[13] for raudvinane sine, ein av dei oppkalla etter seg sjølv: Niepoort OJ Eikefjord Douro.

Eikefjord og investor Petter Stordalen vekte nasjonal oppsikt, då dei opna Restaurant Eik som Norge sin første røykfrie restaurant i 2003 – halvtanna år før eit offentleg røykeforbod vart innført.[14] Eikefjord har fleire gonger teke offentleg avstand frå bruk av gåselever.[15] Då Justin Bieber besøkte Oslo i mai 2012, åt popstjerna ein trerettars lunsj etterfølgd av hamburger hjå Eikefjord på Restaurant Eik Annen Etage.[16]

Bibliografi

  • 2008 – Gourmet for folket (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7287-4
  • 2011 – Fisk & skalldyr : delikatesser fra mesterkokken (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-23933-5

Kjelder

Referansar
  1. ABC Nyheter – Norsk gourmetkokk vil ikke ha gåselever
  2. Horecanytt – Eikefjord på banen med Bella Bambino
  3. Aftenposten – Neste stasjon Italia
  4. Horecanytt – Eikefjord på banen med Bella Bambino
  5. Skavlan, Fredrik (2001). Det Kongelige Bryllup. Forlaget Press. 
  6. Landsend, Merete (1970), «Små Retter, Stor Fest», Dagbladet: 26 
  7. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  8. HSMAI – Ukens Navn
  9. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  10. NRK – Nominert til årets kokebok
  11. Restaurant Eik – Michelin
  12. NRK – Nominert til årets kokebok
  13. Vinofil – Terningkast 6
  14. E24 – Tjener Fortsatt Fett På Restaurant
  15. ABC Nyheter – Norsk gourmetkokk vil ikke ha gåselever
  16. NRK – Bieber åt treretter og hamburger

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA