Ole Johan Grønskag

Fødd: 2. juli 1972 Bremanger

Død: 7. mai 2004

Ole Johan Grønskag (2. juli 1972–7. mai 2004) vart fødd i Kalvåg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men han hadde aldri ei yrkeskarriere bygd på denne utdanninga.

I 2003 debuterte han som dramatikar med boka (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt. Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane teater same året.

Bibliografi

  • 2003 – (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-038-2
  • 2004 – Siste dagar sett : av Ole Johan Grønskag; Meir : av Maria Tryti Vennerød (Førde: Sogn og Fjordane teater)  [Medforfattar: Sogn og Fjordane teater]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA