Ole Jakobson Loen (21. oktober 1878–31. oktober 1949) var ein norsk overrettssakførar og gardbrukar. Han vart fødd i Loen i Stryn kommune og han tok artium 1903 og juridisk embetseksamen 1911. Loen vart overrettssakførar i 1914, seinare vart han advokat. I perioden 1912-913 var han redaktør på Stord. Han hadde kontor i Loen 1914-1916, i Bergen 1916-1930 og etter 1930 var han i Loen igjen. Loen starta planteskule og han var ein ivrig sportsfiskar og oppteken av turisme.

Bibliografi

Bøker

  • 1932 – Sportsfiske : fortellinger og beskrivelser (Nordfjord: Eige forlag)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA