Ole Bugge-Asperheim (7. juli 1846–16. april 1891) var ein norsk prest og forfattar frå Årdal. Han tok teologisk embetseksamen i 1871. Våren 1872 reiste Bugge-Asperheim til Amerika der han i 3 år var prest i Rock River i Wisconsin. Sidan var han professor ved den den norske synode sitt teologiske seminar til han i 1878 fekk stillinga som den første sjømannspresten i New York. På grunn av helsa søkte Bugge-Asperheim seg etter 2 år tilbake til Norge og vart utnemnd i 1880 til sokneprest i Hjartdal i Telemark. Frå 1884 var han sokneprest i Froland.

Bugge-Asperheim skreiv fleire artiklar i kyrkjebladet Luthersk ugeskrift og i dagspressa, forutan fleire større og mindre skrift.

Bibliografi

  • 1886 – Den bibelske historie : en ledtraad for skolen og hjemmet (Kristiania)
  • 1886 – Om kirkegangog den offentlige Gudtjeneste (Kristiania)
  • 1887 – Darvinisme eller evolution og evolutionsteorier (Kristiania)
  • 1888 – I anledning af Bjørstjerne Bjørnsons foredrag om engifte og manggifte (Arendal)
  • 1889 – Gjenfødelse ved Daaben (Arendal)
  • 1893 – Mellem blindskjær : fortelling (Kristiania: Steen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Efter forfatterens død gjennomseet og utgivet af Sofus Thormodsæter]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA