Olav  Sande

Olav Sande

Fødd: 28.juni 1850 Kyrkjebø i Høyanger

Død: 23.august 1927

Yrke: Skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, komponist og forfattar

Tema: Samla folketonar og folkeminne

Sjanger: Forteljingar, lærebok i bibelkunnspap

Debut: Fraa Sogn : segner og annat. I, 1887

Olav Øysteinson Sande (28. juni 1850–23. august 1927) var ein skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist frå Kyrkjebø, i dag Høyanger i Sogn.

Sande tok lærareksamen i 1871 og var lærar i Leikanger i Sogn frå 1873. I åra framover var han ein leiande i det frilynde ungdomarbeidet i Sogn. Han tok til å samle folkeminne og gav ut to samlingar med segner frå Sogn, 1887 og 1892. I 1895 gav han ut Bibelsoga fyr folkeskulen. Han skreiv også dikt og forteljingar.

Fram om alt var Sande ein folketonesamlar, som fekk statsstipend frå 1899. Mellom 1904 og 1911 kom firebandsverket Norske tonar. Elles let han etter seg 2 500 nummer som no er å finne på Universitetsbiblioteket i Oslo. Sande tonesette fleire nynorske dikt, mest kjende er Det stig av hav eit alveland og Aa eg veit meg eit land.

Sande døydde i Bergen.

Bibliografi

Bøker

  • 1887 – Fraa Sogn : segner og annat. I (Bergen: Mons Litleré) I fulltekst ved nb.no
  • 1889 – Innestengt : forteljing (Bergen: Mons Litlere) I fulltekst ved nb.no
  • 1892 – Segner fraa Sogn. II (Bergen: Mons Litlere) I fulltekst ved nb.no
  • 1895 – Bibelsoga fyr folkeskulen (Kristiania: Norli Forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1904 – Norske tonar fyr heim og skule. 1 (Syrstrond)
  • 1907 – Norske tonar fyr heim og skule. 2 (Syrstrond) I fulltekst ved nb.no
  • 1909 – Norske tonar fyr heim og skule. 3 (Syrstrond)
  • 1910 – Norske tonar fyr heim og skule. 4 (Syrstrond) I fulltekst ved nb.no
  • 1992 – Segner frå Sogn (Bergen: Norsk Bokreidingslag) I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Olav Sande. Redaktørar: Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 2004 – Segner frå Sogn (Leikanger: Skald forlag) . ISBN 82-7959-045-5  [Språkleg bearbeiding av Odd Njøs; utval og illustrasjonar av Kjersti Isdal]

I tidsskrift – eit utval

Utmerkingar

  • Olav Sande vart tildelt Kongens fortjenstmedalje 1. juli 1925.[1]

Tekstar om Olav Øysteinson Sande

Referansar

  1. Det norske kongehuset

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA