Olav Hoprekstad (4. april 1875–16. august 1965) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd i Vik i Sogn og busett mesteparten av livet i Bergen.

Biografi

Etter eit år på Sogndal Folkehøgskule gjekk han i 1893 over fjellet og begynte på Hamar lærerskole. Etter eksamen var han lærar på øvingsskulen ved Notodden lærerskole. Deretter kom han til Kristiansand, der han var lærar i folkeskulen eit år. I 1899 begynte han som lærar i Bergen. Han vart overlærar ved Møhlenpris skole i 1927 og frå 1939 til han gjekk av med pensjon i 1946 var han på Fridalen skole. Under krigen var han med og bygde opp lærarfronten i Bergen og på Vestlandet. Hoprekstad var den fyrste formannen i Bondeungdslaget Ervingen då det vart skipa i 1900. Han var vidare styremedlem i Noregs Lærarlag 1917–1945 og Det Norske Teatret 1948–1963 og formann i Norsk Bokmannslag frå 1917-30. Hoprekstad var fast teater- og litteraturkritiker i Bergens Tidende 1913–40 og i Gula Tidend 1949–65.

Verv

  • Bergen skolestyre, først i seks år som tillitsmann for lærarane, deretter 1929–45 vald av Venstre.
  • Formann for Vestlandske lærarstemna 1910–47 og
  • Styremedlem i Norsk Lærerlag 1917–46.
  • Første formann i bondeungdomslaget Ervingen fra 1900
  • Medstiftar i Vestlandske mållag 1904, og vart også vald inn i styret der, varaformann 1932–48.
  • Mange år i styret for Noregs Mållag.
  • Formann i Norsk Bokmannslag frå 1917–30,
  • Styremedlem for Det Norske Teatret i mange år.

Heider

  • Kongens fortjenstmedalje i gull
  • Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1963
  • Æresmedlem i Bergen Ungdomslag Ervingen
  • Æresmedlem i Bergen Lærerlag
  • Æresmedlem i Norsk Lærerlag
  • Æresmedlem i Vestlandske lærarstemna
  • Æresmedlem i Noregs Mållag
  • Æresmedlem i Vestlandske Mållag
  • Æresmedlem i Vestmannalaget

Verk

Olav Hoprekstad var svært interessert i litteratur og teater. Han gav ut fleire historiske skrifter, bl.a. «Frå lærarstriden» (1946) og «Fattigskule og lærarstand i Bergen» (1951). Skodespela fokuserte ofte på vestnorsk bygdemiljø og kamp mot danske embetsmenn. Skodepela hans har vore framførte på Den Nationale Scene og Komedia-teatret i Bergen og på Det Norske Teatret, men mest har dei blitt spela av amatørgrupper i ungdomslag.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA