Olav  Anfinnson  Refsdal

Olav Anfinnson Refsdal

Fødd: 18. november 1862

Død: 29. mai 1945

Olav Anfinnson Refsdal (18. november 1862–29. mai 1945) var ein norskamerikansk prest, målmann og forfattar. Han var fødd i Vik og døydde i Amerika. Refsdal gjekk to år på Sogndal folkehøgskule og deretter Hamar Lærerseminar (1880–82) og var lærar i sju år, før han utvandra til Amerika i 1889. Same året byrja han på eit fireårig teologistudium og vart uteksaminert som teolog ved Augsburg Seminary i Minnesota i 1893.

Refsdal arbeidde deretter som prest i nesten 50 år i ulike statar i USA. I tillegg til prestegjerninga redigerte han to tidsskift: Barnets Ven (1899–1903) og fråhaldsbladet Lyngblomsten (1907–15). Han publiserte preiker, gav ut bøker og i tillegg publiserte han ei mengd dikt i ulike norskamerikanske aviser og blad.

Refsdal synte stor interesse for målsaka og skreiv fleire tekstar og heldt preiker på nynorsk. Læsebogen er den einaste leseboka på norsk i Amerika med nynorske tekstar. Fagerliens Tvillinger inneheld sju dikt på nynorsk. Refsdal var òg med i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna. Her publiserte han dikt og korte innlegg der han tala varmt for målsaka. Refsdal var fråhaldsmann og var i fleire år sekretær i den nasjonale fråhaldsrørsla.

Bibliografi

Bøker

  • 1898 – Barnebogen (Minneapolis, Minnesota)
  • 1902 – To konfirmanter : fortælling for børn (Minneapolis, Minnesota: The Free Church Book Concern)
  • 1903 – Læsebogen (Minneapolis, Minnesota: The Free Church Book Concern)
  • 1912 – Fagerliens tvillinger : eller Hverdagslivet (Chetek, Wisconsin) I fulltekst ved nb.no
  • 1916 – Elias : digt (Eau Claire, Wisconsin: Fremad)
  • 1916 – Samuel (Eau Claire, Wisconsin: Fremad) I fulltekst ved nb.no
  • 1916 – Sange (Deer Park, Wisconsin)
  • 1917 – Salmernes bog i Bibelen : skrevet til kjendte salmemelodier, saa salmerne kan synges i menigheden (Deer Park, Wisconsin)
  • 1934 – Forandringen paa Stone Hill (Minneapolis, Wisconsin)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA