Olaug Nilssen

Fødd: 28. desember 1977 (39 år)

Yrke: Forfattar

Periode: 1998 –

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977)[1] er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.

Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen[2], der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og var, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det no nedlagde litterære tidsskriftet Kraftsentrum.[3] Ho var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 2008 til 2010.[2][3]

Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.

Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.[4][5]Få meg på, for faen vart filmatisert i 2011.[5]

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Vi har så korte armar : tilstandsrapportar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5824-2
  • 2004 – Ronnys rumpe (Oslo: Damm) . ISBN 82-04-10080-9  [Illustrert av Ciri Tutkovin Bråthen]
  • 2005 – Få meg på, for faen : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6522-2
  • 2005 – Hybrideleg sjølvgransking : essay (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6600-8
  • 2009 – Nesten frelst av Sigvart Dagsland (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7315-4
  • 2012 – Kjøkenbenkrealisme : ærlege historier om tidsklemma (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8131-9
  • 2013 – Stort og stygt : drama (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8434-1
  • 2017 – Tung tids tale (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-9027-4

I bøker – eit utval

  • 1993 – Heimland : ei samling av 27 noveller (Førde: Firda) . ISBN 82-992807-1-0 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Då farmor slo ut håret – / Olaug Nilssen, s. 22]
  • 2003 – Signaler 2003 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-22333-4  [Av innhaldet: Heimreiser / Olaug Nilssen, s. 111-119]
  • 2004 – Levende om døden (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-33196-0  [Av innhaldet: Død, kvar er brodden din? / Olaug Nilssen]
  • 2004 – Nesten! (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-24546-3  [Av innhaldet: Nesten kastar ingen mann av hesten / Olaug Nilssen, s. 303-311]
  • 2004 – Norsk litterær årbok. 2004 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6360-2  [Av innhaldet: Romanåret 2003 : dei fem beste bøkene eg las i 2003 / Olaug Nilssen]
  • 2005 – 100 års ensomhet : 15 norske skjønnlitterære forfattere om Grunnloven (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-24847-7  [Av innhaldet: Dronning i landet Vi må for andre / Olaug Nilssen, s.41-49]
  • 2006 – Quiz for kvasse : 2007 spørsmål fra faktahelvetet (Oslo: Spartacus) . ISBN 82-430-0382-7  [Av innhaldet: Olaug Nilssens litterære heltinner / Olaug Nilssen, s. 313-318]
  • 2006 – Rosa prosa : om jenter og kåthet (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-35357-3  [Av innhaldet: Artur og Alma / Olaug Nilssen]
  • 2007 – Tilbake til 90-tallet (Oslo: NRK) . ISBN 978-82-8178-248-8  [Av innhaldet: Frisyre-triumfering sytten år på etterskot / Olaug Nilssen]
  • 2015 – DUS : den unge scenen. 6 (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-347-3  [Av innhaldet: Jenta som ingen kunne mobbe / Olaug Nilssen]

Utmerkingar

  • Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 2004[6]
  • Sigmund Skard-stipendet 2004[7]
  • Sunnmørsprisen 2005[5]
  • Bergensprisen (Natt&Dag) 2005[5]

Kjelder

  1. «Olaug Nilssen (28.12.1977)». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum).
  2. 2,02,1 «Olaug Nilssen». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Vitja 8. mai 2017.
  3. 3,03,1 «Olaug Nilssen». Store Norske Leksikon. Vitja 21. august 2013.
  4. «Dei Nynorske Festspela 2006». ballade.no (21. juni 2006). Vitja 21. august 2013.
  5. 5,05,15,25,3 Svein Olav B. Langåker (19. august 2011). – Filmen flink til å drepa darlingsane mine. framtida.no. Vitja 20. august 2013.
  6. «Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond». Nettstaden til Bærum bibliotek. Vitja 20. august 2013.
  7. Hjørdis Ånestad Tiltnes (18. august 2004). «Rogaland dominerer Samlaget si liste». aftenbladet.no. Vitja 20. august 2013.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA