Ola A. Bergset

Fødd: 13. juni 1891 Stryn

Død: 10. april 1977

Ola A. Bergset (13. juni 1891–10. april 1977) var ein norsk lærar. Han var frå Fjelli i Stryn kommune. Bergset tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1912. Etter å ha hatt fleire vikariat, kom han kom til Stongfjorden i Askvoll kommune i 1913, der han vart i 50 år. Bergset var m.a. formann i Askvoll lærarlag, Stongfjorden Sanitetslag, Stongfjorden Indremisjonsforening og Askvoll bibliotek. I over 40 år var han organist ved Stongfjorden kapell. Bergset tok over slektsgarden i Stryn, og dreiv han i lag med kona og eldste sonen, Alv O. Bergset.

I 1963 fekk Bergset Kongens fortenestmedalje.[1]

Bibliografi

Bøker

  • 1969 – Ei fjellbygdætt frå Nordfjord : Mattisætta og Mattisgarden på Bergset : fra kvardag og helg i fjellbygda (Sandane) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Tildelinger av ordener og medaljer / 01.07.1963 Bergset, Ola. Kongehuset. Vitja 25. april 2017.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA