Oddvar  Isene
string(16) "Oddvar_Isene.jpg" string(12) "Oddvar_Isene"

Oddvar Isene

Fødd: 1944 Eid

Oddvar Isene (fødd 1944) er ein norsk adjunkt. Han er oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. Isene er utdanna lærar og adjunkt med hovudvekt på norsk og historie. Han har undervist i grunnskule og vidaregåande skule, og dei siste 30 åra jobba han som skuleleiar i ulike kommunar: I Strand kommune var han lærar 1972-1978 og pedagogisk konsulent 1978-1979, i Flora kommune 1980-1987, som pedagogisk konsulent og delvis fungerande skulesjef, i Naustdal kommune 1988-1998, som skule- og kultursjef og i Siljan kommune 1999-2009 som kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Ved sida av har han vore aktiv som frilandsjournalist og redaktør: i Stavanger Aftenblad 1973-1979, i lokalavisa «Strandbuen» i Ryfylke, i kulturmagasinet «Sogn og Fjordane Magasin» 1988-1989.

Isene var prosjektleiar for etablering av det nasjonale «Nettverket Historiske Spel» 2007-2009, med støtte frå Norsk kulturråd.

Oddvar Isene er pensjonist og bur i Florø. Han er aktiv som frilans, særleg innan kulturjournalistikk.

Bibliografi

Bøker

  • 1986 – Apropos Ny mønsterplan : lokalt og globalt ansvar -tips, metoder, prinsipper / (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-00-18338-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red.: Oddvar Isene og Erling Roland]
  • 2014 – Kinn og Kinnaspelet (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-079-4

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA