Oddmund Løkensgard Hoel (fødd 8. november 1968) er ein norsk språkforskar og forfattar. Han er frå Trondheim og busett i Luster. Hoel er utdanna cand.philol. med nordisk hovudfag og skreiv hovudoppgåva Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865 (1996). Hoel har vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget 1996–2000, og hadde ansvar for lærebøker for høgare utdanning (humaniora), ordbøker og språkteknologi. Hoel var doktorgradsstipendiat i historie ved Høgskulen i Volda 2003-2007, og tok doktorgraden (ph.d) i historie i 2009, med doktoravhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Han har sidan 2007 vore tilsett som høgskulelektor/førsteamanuensis ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, frå 2017 Høgskulen på Vestlandet.

Hoel var leiar i Noregs Mållag i perioden 1999–2002.

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865 (Oslo: Norges forskningsråd) . ISBN 8212006956 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Serie: KULTs skriftserie nr. 51]
  • 2003 – Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5698-3  [Forfattarar: Olaf Almenningen, Oddmund Løkensgard Hoel, Geir Martin Pilskog, Håvard Tangen]
  • 2006 – Då Noregs mållag vart skipa : referat frå Målmannsstemna 4.-5. februar 1906 (Oslo: Noregs mållag) . ISBN 8273390535
  • 2010 – Jostedal kyrkje : fakta, segn og soge gjennom 350 år (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-153-5  [Av: Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg & Oddmund Løkensgard Hoel]
  • 2011 – Norsk målreising. II . Mål og modernisering 1868-1940 (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7446-5  [Bygger på forfattaren si avhandling (ph.d.) – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Trondheim, 2009 med tittel: Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940]
  • 2014 – Med påhalden penn? : 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (Oslo: Novus) . ISBN 978-82-7099-761-9  [Red.: Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel]

I bøker – eit utval

  • 1998 – Jakten på det norske : perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet (Oslo: Ad notam Gyldendal) . ISBN 82-417-0952-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red.: Øystein Sørensen. Av innhaldet: Ivar Aasen som opposisjonell nasjonalist / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 303-320]
  • 2005 – Lokale røyster i 1905 : unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet (Volda: Høgskulen i Volda) . ISBN 82-7661-228-8  [Red.: Kari A. Hasle, Jens Johan Hyvik, Harald E. Tafjord. Av innhaldet: 1905 i Sogn / Oddmund Løkensgard Hoel]
  • 2013 – «Der var ruskut å leggja utpå» : ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur (Oslo: Novus) . ISBN 978-82-7099-716-9  [Red.: Jens Johan Hyvik og Stephen Walton. Av innhaldet: Eit maskulint prosjekt? : kjønnsperspektiv på målreisinga 1885-1940 / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 83-100]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA