Odd Njøs (fødd 1931) er ein norsk kulturarbeidar frå Leikanger i Sogn. Han har mange år bak seg i skulestova og er elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sylv for dette. Han har vore organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger mannskor. Frå 1984 har han vore mykje nytta som fredagskåsør i lokalradioen. Han er ogso mykje brukt som kåsør og underhaldar i andre samanhengar. Dei siste åri har han òg vore aktiv som forfattar. På Skald forlag har han gjeve ut dei humoristiske bøkene De’kje nøye om du lyge litt, …berre praten gaor og Sommarliv på Berget. Han har òg gjeve ut CD der han fortel historier frå dei to fyrstnemnde bøkene.

Utgjevingar

Bøker

  • 2000 – Sommarliv på Berget : 33 soger i utval (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-015-3
  • 2004 – Segner frå Sogn (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-045-5  [Innsamla av Olav Sande ; språkleg bearbeiding av Odd Njøs]
  • 2005 – Godt paosmurt (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-069-2
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-107-8 978-82-521-7151-8} [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]
  • 2011 – Kjapp i kjeften (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-168-9

I tidsskrift – eit utval

Lydbøker

  • 2006 – De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-080-3  [Lese av Odd Njøs]
  • 2008 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Melhus: Lydbokforlaget) . ISBN 978-82-421-4551-2  [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA