Odd Helge Brugrand (fødd 29. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høgskolen i Bodø. Han har også studert statsvitskap ved Høgskolen i Østfold og historie ved Universitetet i Agder.

Han starta i lokalavisa Sogn Avis i 1997 og har jobba i Adresseavisen, VG og Aftenposten. Frå 2004 jobba Brugrand som utanriksreportar i Baltikum med ansvar for store delar av Aust-Europa for norske, svenske og danske media. Han var då busett i Tallinn, Estland. Frå mai 2016 har Odd Helge Brugrand jobba i NRK Sogn og Fjordane.

Sidan 2010 har Brugrand også skrive bøker. Debutboka var «16 år og Hitlers soldat» og i desember 2010 innleia han samarbeid med Lasse Tur og pilot Oddmar Stenhaug om flyfoto-bokserien Sett frå oven. Han har vore skodespelar i russisk TV-film og delteke framfor kamera i fleire norske og internasjonale dokumentarprogram, mellom anna i produksjonar for Disovery Channel og ARTE.

Bibliografi

  • 2010 – 16 år og Hitlers soldat : historien om Ivar Skarlo, en norsk soldat på Østfronten (Oslo: Kagge forlag) . ISBN 978-82-489-0963-7
  • 2010 – Oslo sett fra oven : en luftig ferd over hovedstaden (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-0-5  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2011 – Asker og Bærum sett fra oven : en luftig ferd over to naboer (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-1-2  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2011 – Bergen sett fra oven : en bildereise over hele byen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-5-0  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2011 – Drammen sett fra oven : Drammen 200 år (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-3-6  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2011 – Lærdal sett ovanfrå : verdas vakraste flyreise (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-2-9  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2011 – Nesodden sett fra oven (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-7-4  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2011 – Årdal sett ovanfrå : frå fjord til fjell (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-931880-0-1  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Elverum sett fra oven : en luftig ferd over kommunen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-2-0  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Gjøvik sett fra oven : en luftig ferd fra vann til land (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-3-7  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Hamar sett fra oven : en luftig ferd over byen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-5-1  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Lier sett fra oven : en luftig ferd fra fjord til fjord (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-1-3  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Lillehammer sett fra oven : en luftig ferd over byen (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-4-4  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Lærdal kviss : 501 spørsmål og svar om den grøne kommunen (Lærdal: Baltic-Scandinavian News Agency) . ISBN 978-9949-30-474-5
  • 2012 – Nesøya sett fra oven (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-998346-9-8  [Flyfotograf: Lasse Tur]
  • 2012 – Voss sett ovanfrå : ei luftig Vossaferd (Nesøya: Mapaid) . ISBN 978-82-932660-0-6  [Flyfotograf: Lasse Tur]

Kjelder

Eksterne lenker

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA