Odd-Bjørn Fure

Fødd: 5. mars 1942

Odd-Bjørn Fure (fødd 5. mars 1942) på Stadtlandet) er ein norsk historikar og statsvitar. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918-1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie.

Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, var Fure professor i moderne historie ved Universitetet i Bergen frå 1998 og fram til 2002 då han starta som forskingsdirektør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling («Holocaust-senteret»/«HL-senteret») i Noreg. Fure er spesialist på forsking på folkemord, samt moderne tysk og europeisk historie.

Fure var fram til 2004 redaktør av Historisk Tidsskrift, det tidsskriftet innan forsking på historievitenskap som har mest betydning i Noreg.

I 1997 var Fure med i Irving-debatten mot Hans Fredrik Dahl om kor vidt Holocaust-revisjonisten og nazisympatisøren David Irving sine bøker kunne nyttast som etterrettelege og faglege framstillingar av historia om den andre verdskrig.

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – Mellomkrigstid : 1920-40 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200225348 I fulltekst ved nb.no  [Norsk utenrikspolitikks historie, band tre]
  • 1997 – Kampen mot glemselen : kunnskapsvakuum i mediesamfunnet (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no

Artiklar – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA