Norvald Tveit (fødd 22. desember 1927) er ein norsk forfattar og dramatikar frå Leirvik i Hyllestad kommune i Sogn.

Som dramatikar er Tveit særleg kjent for skodespela sine. Men han har òg skrive høyrespel og fjernsynsdrama for NRK, mellom anna fleire episodar for TV-seriane Kong Sverre (1978) og Vestavind (1994). Han har også skrive sakprosa, og har vore innom sjangrane barnelitteratur og krim.

Tveit har fått fleire prisar, mellom anna Ibsenprisen i 1993 for det samla dramatiske arbeidet sitt. 17. desember 2007 mottok han Kongens fortjenstmedalje i gull.

Drama

  • Splint – Oslo Nye Teater (1977)
  • Peer Person Centralteatret (1978)
  • Peer Person NRK Radioteateret (1978)
  • West Land Story – Oslo Nye Teater (1980)
  • Vi som elskar mor – Det Norske Teatret (1983)
  • I satans vald – Den Nationale Scene (1986)
  • Splint (songspel) – Den Nationale Scene (1991)
  • Kong Sverre – tre episodar, NRK fjernsynet (1978)
  • Bruredansen : en musikal – Av Norvald Tveit og Henning Sommerro, Den Nationale Scene (1993)
  • Skraphandlarrock – Den Nationale Scene (1993)
  • Raspeballar med utslått hår – Hotel Noreg, Bergen (1994)
  • Vestavind – fire episodar, NRK fjernsynet (1994)
  • Ungkarsfesten – Sogn og Fjordane teater (1998)
  • Uventa lukke for Anders Lone – Sogn og Fjordane Teater (2001)
  • Ungkarsfesten – Det Norske Teatret (2003)
  • Kystkvinner – Sogn og Fjordane Teater (2005)
  • Sogn og Fjordane teater presenterer: Matias Orheim : med ord, felespel og glasmusikk : av Mette Brantzeg og Norvald Tveit – Sogn og Fjordane Teater (2010)

Bibliografi

Bøker

  • 1960 – En sjel og en skjorte (Bergen: Eide) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1969 – Ivar Medaas : ein trubadurs vedunderlege liv og historie frå fjøs til scene (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1972 – Fra gull til grønne skoger : historien om Erik Grant Lea (Oslo: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1973 – Eit vegopprør i Bygde-Norge : Fjærland (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-0244-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1974 – Silje (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0107-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1975 – Jakob Sande : ein diktar og hans miljø (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-08286-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1982 – Splint (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0509-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1983 – Vi som elskar mor : folkekomedie (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-09783-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1983 – Tre døde før daggry (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-09705-3
  • 1983 – Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane 1958-1983 (Bergen: Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane) . ISBN 82-991080-0-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1985 – Smalahove (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2681-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Heimebrygg : ølet som Gud elskar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2774-6
  • 1987 – I Satans vald (Oslo: Solum) . ISBN 82-560-0484-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Silje og Sivert (Oslo: Solum) . ISBN 82-560-0547-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1990 – Med flatbrød attåt : ei bok om Vestlands-humor (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-18410-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Til bords med smalahove (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-5215-3797-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Vilt vakkert Vestland : Sogn og Fjordane – fylket med dei mange andlet (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7867-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2003 – Ein vestnorsk stat : snedige utspel og historier frå Georg Hatlevik (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-039-0
  • 2003 – Ungkarsfesten : folkekomedie (Lillehammer: Furiosa) . ISBN 82-92504-00-1
  • 2017 – På reservetanken (Førde: Selja forlag) . ISBN 978-82-8240-131-9

I tidsskrift – eit utval

Prisar og utmerkingar

  • Ibsenprisen 1993
  • Kulturprisen til Hyllestad kommune (Kvernsteinprisen) 1996
  • Sogn og Fjordane fylkes kulturpris 2003
  • Kongens fortjenstmedalje i gull 2007

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA