Norulv Øvrebotten

Fødd: 22. april 1955 Botnane

Norulv Øvrebotten (fødd 22. april 1955) er ein tidlegare forsvarspolitikar, pressemann og næringslivsleiar frå Botnane i Bremanger i Sogn og Fjordane. Han var politisk rådgjevar for forsvarsminister Johan Jørgen Holst i perioden 1986 til 1988, og leiar av ei rekke offentlege utval – deriblant Vassdalen-utvalget som vurderte Forsvaret sin informasjonsberedskap etter Vassdalulykka i 1986.

Øvrebotten var programsekretær i NRK Dagsnytt frå 1980 til 1984, og programsekretær i NRK radio sin utanriksavdeling i 1984–1985. Han var redaktør i Firdaposten i Florø frå 1986 til 1990, og sjefredaktør og administrerande direktør i Rogalands Avis frå 1990 til 1996. I åra 1988 til 1993 var Øvrebotten nestleiar for styringsgruppa for Langtidsplanen for Forsvaret, og frå 1992 til 1994 leia han det regjeringsoppnemnde Effektiviseringsutvalget, som vurderte tiltak for å effektivisera militærtenesta.

I 1985 etablerte han eit settefiskanlegg i Botnane i Bremanger, som seinare er drive av Firda Settefisk AS.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA