Norman Kjærvik

Fødd: 1957

Norman Kjærvik (fødd 1957) er ein norsk informasjonskonsulent og forfattar. Han er oppvaksen i Årdal og busett i Luster. Kjærvik har allsidig bakgrunn frå friluftsliv i norske fjell, i hovudsak frå Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Han har vore breinstruktør i Den norske turistforening og breførar på Nigardsbreen i Jostedalen. Kjærvik har skrive ei rekke artiklar om friluftsliv i tidsskrift og aviser, i tillegg til at han har skrive og redifert bøker. Frå 1986 til 2002 var han styremedlem i Luster Turlag, av dei to år som leiar.

Kjærvik er tilsett i Statkraft.

Bibliografi

Bøker

  • 1991 – Den turen glemmer jeg aldri (Oslo: Grøndahl) . ISBN 82-504-1819-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør: Norman Kjærvik]
  • 1992 – Bergtatt (Oslo: Grøndahl og Dreyer) . ISBN 8250419561 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør: Norman Kjærvik]
  • 1994 – Lustrafjell : om fjell og fjellfolk i Luster (Gaupne: Luster Turlag) . ISBN 82-7560-002-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør: Norman Kjærvik]
  • 2002 – Fjell : på tur i Breheimen og Jotunheimen (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-030-7

I bøker – eit utval

  • 1989 – Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter (Oslo: Grøndahl) . ISBN 82-504-1711-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Inneheld 2 kapittel av Norman Kjærvik: Glimt frå pionertida, s. 79-85 ; Jostedalsbreen nasjonalpark, s. 121-129]

Kjelder

  • Norman Kjærvik (2002) Fjell : på tur i Breheimen og Jotunheimen – Skald, Leikanger. ISBN 82-7959-030-7.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA