Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist, busett i Vik i Sogn. Dei siste åra har han arbeidd som journalist i NRK Sogn og Fjordane og NRK Kulturnytt. Pedersen arbeider på NRK Sogn og Fjordane sitt lokalkontor i Sogndal. Han er språkkontakt i redaksjonen og medlem i NRK sitt språkstyre.

Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Tidlegare arbeidde han som journalist og spaltist i fleire aviser, m.a. Dag og Tid og Klassekampen.

Han har gitt ut fleire bøker. Den første, antologien Fri, kom ut i 1998. I 2013 gav han ut Når far treng meg : ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.

Bibliografi

Bøker

  • 1998 – Fri (Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1318-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red. saman med Tore Hugubakken]
  • 2000 – Bølgedager : reportasjer om studenter (Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1573-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Red. saman med Eiliv Gunleiksrud]
  • 2007 – Austen og Vesten på kollisjonskurs : politikarar i Aust-Timor sine oppfatningar av demokrati (Trondheim: Eige forlag)
  • 2009 – Den gode viljen : ein dokumentar om norsk fredspolitikk (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-430-0481-8
  • 2013 – Når far treng meg : ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-43007604

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA