Nils Landmark

Fødd: 11. mars 1775

Død: 29. oktober 1859

Nils Landmark (11. mars 1775–29. oktober 1859) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Andreas Landmark var ein eldre bror.

Landmark var fødd i Christiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Sverige. Sjølv vart han for ein stor del oppfostra hos sorenskrivaren J.D. Stub i Nordfjord. Han tok i 1797 juridisk eksamen i morsmålet i København. Deretter styrte han embetsforretningane til sorenskrivar Stub i Nordfjord til denne døydde i 1802. 1808 vart han utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han allereie hadde styrt ei tid. I si lange embetstid, han tok avskjed i 1852, verka han for fremjing av landbruket. Sin eigen gard, Tysse i Holmedal, dreiv han som eit mønsterbruk med treplanting, fruktdyrking og oppdyrking av myr.

Landmark var 2. representant frå Nordre Bergenhus på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han sekretær i Stortinget og visesekretær i Odelstinget. Han var medlem av 15 komitear, formann i to av dei og sekretær i fem andre. Mellom anna var han formann i komiteen om utskiftingslova og sekretær i redaksjonskomiteen og i komiteane om tukthus i Nordlands amt, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet. På omframstortinget 1822 var han sekretær i både Stortinget og i redaksjonskomiteen, dessutan medlem av komiteen om skatterestansar og om slottsbygninga.

Gardsdagbøker

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har digitalisert dagbøkene Nils Landmark skreiv om gardsdrifta på Tysse, og publisert dei på heimesida. Dagbøkene dekkjer åra 1813-1842, og dei ligg også tilgjengeleg på Arkivportalen.[1]

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Snorre Øvrebø, tidlegare fylkesarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, har skrive artikkelen Nils Landmark sine dagbøker – gardshistorie frå Fjaler, publisert i tidssskriftet Kjelda nummer fire i 1991.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA