Nikka  Vonen
string(15) "Nikka_Vonen.JPG" string(11) "Nikka_Vonen"

Nikka Vonen

Fødd: 14. november 1836 Dale i Fjaler i Sunnfjord

Død: 29. november 1933 (97 år)

Yrke: Skulestyrar, pedagog, skribent, folkeminne-innsamlar

Sjanger: Folkeminne, folkelivsskildringar

Debut: «En Husmandsfamilie», 1865 , artikkel

Nikka (Nicoline Marie) Vonen (14. november 1836–29. november 1933) var ei norsk målkvinne, fjellvandrar, forfattar, folkeminnesamlar og ikkje minst grunnleggar av og styrar på privatskulen Pigeinstitutet frå Dale i Sunnfjord. Folkeminna og folkeskildringane Nikka Vonen samla inn frå Sunnfjord vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Nikka Vonen var involvert i målstriden i pionértida til nynorsken i 1860-70-åra.

Familie

Foreldra til Vonen var korpssmed, børsemakar, urmakar, gardbrukar og gjestgivar Bertel Johannesson Vonen (1799–1868) og jordmor Berthe Helene Skjærdal (1794–1843). Faren eigde to av dei største gardane i bygda, Dale og Steien. Bror til Nikka Vonen heitte Peder Pavels Vonen, var to år eldre enn Nikka, jobba som dyrlege og døydde i 1905.

Relieff av Nikka Vonen

Utdanning og arbeid

Nikka Vonen vart først undervist i heimen. Då ho var 11 år (i 1847) vart ho sendt til Lindemanns Pensionat og Skole for Pigebørn av den betre Classe, ein privatskule for jenter i Davik i Nordfjord. Denne skulen vart først starta opp av sokneprest Jacob Andreas Lindeman og kona Marie i Leikanger, og seinare flytta til Davik. Då Lindemann døydde var det etterfylgjaren som sokneprest i Davik, Christian Meyer, som dreiv jenteskulen vidare. Nikka Vonen vart konfirmert i Davik i 1851, og arbeidde som guvernante på Kinn utanfor Florø, i Lyngdal, i Kristiania og i Drøbak.

I 1856 flytta Nikka Vonen til Kristiania der ho studerte på Hartvig Nissen sin Pigeskole for Voksne, og truleg var ho også ei tid elev ved Eugenias Stiftelse. I Kristiania fekk Nikka Vonen stimulert interessa si for kultur, utdanning og kunnskap og kjent på straumdraga i tida når det gjaldt samfunnsspørsmål. Ho var særs interessert i tekstane til Snorre Sturlason, og han vart lesen av Nikka Vonen allereie då ho var barn.

Hartvig Nissen hevda allereie på 1840-talet at kvinner stort sett trong same utdanning som menn, noko som bana vegen for kvinnelege lærarar. Frå og med 1860-åra vart mange av dei utdanna på ei eiga lærarinneline ved skulen. Før kvinner fekk tilgang til examen artium i 1882 var dette eittårige guvernantekurset den høgste utdanninga dei kunne ta. Denne guvernanteeksamenen tok Nikka Vonen før ho returnerte til Dale i Sunnfjord og starta opp sin eigen skule.

«Pigepensionat» i Dale

61°21′29″ N 5°23′35″ E
Nikka Vonens Pigeinstitutt i Dale i Sunnfjord.
Foto: Arild Nybø

I 1869 skipa Nikka Vonen ein pensjonatskule i Dale for unge jenter. Enkjefru Laura de Ferry Nitter var med å skipe skulen. I starten heldt skulen til på garden Yksnebjør, men den vart flytta til farsgarden Steia i 1871. Denne garden kjøpte ho frå sin bror i 1875. Skulen, som stod folkehøgskulen nær, hadde godt omdøme, vart landskjend og heldt fram til 1907, då helsa til Vonen tok til å svikte.

Skulen hadde ikkje eksamensrett men lærarstaben underviste med dei nyaste skulebøkene på folke- og middelskulenivå. Det vart også undervist i pianospel, sløyd, matlaging og hagestell. Nikka Vonen underviste sjølv i religion, historie, norsk og tysk. Til saman gjekk om lag 800 elevar på denne skulen, og nokre av dei kom heilt frå USA og Australia. Dei fleste elevane var mellom 17 og 19 år, men det var også jenter så unge som 11 år. Dei fleste kom frå høgare samfunnslag i byar og tettstader i Noreg, nokre òg frå utlandet. Mellom dei som gjekk på skulen, var Bergljot Bjørnson og Karen Platou, som seinare vart den første kvinna som vart vald inn på fast plass i Stortinget. Ho representerte Høgre.

Etter at Nikka Vonen døydde 97 år gamal var det elevar frå Pigeinstituttet som reiste minnesteinen som no står i tunet på Steia. Skulen er karakterisert som særs viktig for utviklinga av pensjonatskulane.

Forfattarskap

Minnestøtte over Nikka Vonen ved hennar «Pigeinstitutt» i Dale i Sunnfjord.
Foto: Arild Nybø

Nikka Vonen samla, skreiv ned og ga ut munnleg, overleverte folkeminne i form av segner og forteljingar, tradisjonar og tru, dialektord, gåter, leikar, lækjarråd, viser og skildringar. Mesteparten av det innsamla materialet hennar er frå Sunnfjord, men noko er truleg også frå Sunnmøre og frå Gudbrandsdalen. Nikka Vonen tok til med innsamlinga alt i 1850-åra, og etter å ha blitt oppmuntra til meir skriving av Eilert Sundt vart skildringar av folkelivet utvida. Nikka Vonen møtte etter alt å døme Sundt for første gong i Dale i 1862. Ho publiserte ikkje sjølv det ho skreiv, men andre – Eilert Sundt, Hans Ross og Rikard Berge – sytte for at noko av materialet vart prenta.

Første stykket på prent frå Nikka Vonen var «En Husmandsfamilie» på riksmål i tidsskriftet Folkevennen i 1865. Husmannsfamilien var frå Dale. Om lag 20 segner vart i 1868-1869 trykt i Dølen, bladet åt Aasmund Olavson Vinje. Her kom dei første landsmåltekstane frå Vonen til lesarane, men dei var rett nok omsett til nynorsk av språkforskar Hans Ross. Dialogane var på dialekt frå handa åt Nikka Vonen. Nokre år etter kom forteljingar av ho på trykk i tidsskriftet Svein Urædd og i Lauvduskar på 1870-talet – på landsmål. Soleis var Nikka Vonen ansvarleg for nokre av dei første stykka på nynorsk på trykk i det nye skriftmålet si aller første tid.

Landsmålet

Nikka Vonen meldte seg i 1872 som første kvinne inn i nynorskorganisasjonen Vestmannalaget i Bergen (skipa 1868), og var i medlemslistene åt Det Norske Samlaget til og med 1875. Nikka Vonen brevveksla med framståande personar i kultur-og samfunnsliv i landet på den tida: m.a. Bjørnstjerne Bjørnson, prest og skulemann Christopher Bruun og historikar Ernst Johan Sars.

I fjellheimen

Nikka Vonen var blant dei første kvinnene i Jotunheimen og på Galdhøpiggen, og blei medlem av Den Norske Turistforening truleg frå starten i 1868. I august 1874 vart ho kjent med den britiske fjellklatraren William C. Slingsby.

Utmerkingar

I 1894 fekk Nikka Vonen Kong Oscar IIs medalje til belønning for fortjenstlig virksomhet i gull for arbeidet med pensjonatskulen. Nikka Vonen var også æresmedlem i Bergen Museum.

Bibliografi

Bøker

  • 1977 – Gåter frå Sunnfjord (Førde: Pedagogisk tenestekontor)
  • 1979 – Bilete frå folkelivet i Sunnfjord (Førde)
  • 1980 – Kvinner i nynorsk prosa Red. Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Idar Stegane og Helga Thorsen (Oslo: Samlaget)
  • 1982 – Barndomen og ungdomstida hans far (Førde: Pedagogisk tenestekontor)
  • 1982 – Ein husmannsfamilie (Førde: Pedagogisk tenestekontor)

I tidsskrift – eit utval

  • 1865 – «En Husmandsfamilie» – Folkevennen, nr. 13, s. 369-389
  • 1866 – «Fra Søndfjord» – Folkevennen, nr. 14, s. 57-63
  • 1868 – «Æventyr fraa Sundfjord» – Dølen, nr. 39
  • 1868 – «Segner fraa Sunnfjord : fortald av gamle Synnve» – Dølen, nr. 43, 45, 49, 50
  • 1869 – «Segner fraa Sunnfjord : fortald av gamle Synnve» – Dølen, nr. 1, 4-7
  • 1870 – «Anna, Borgny, Kari» – Svein Urædd, nr. 34, 37-38
  • 1925 – «En Siptesoknat i Søndfjord» – Norsk folkekultur. Folkeminne-Tidsskrift, nr. 3, 4, s. 94-97
  • 1933 – «Berthel Vonens Livserindringer» – Norsk folkekultur. Folkeminne-Tidsskrift, s. 88-100
  • 1934 – «Folkelege optegnelser fra Søndfjord» – Norsk folkekultur. Folkeminne-Tidsskrift, nr. 1, s. 19-25
  • 1998 – «Høgberggubben» – Fjaler, s. 21-22
  • 1999 – «Frå Jølster, Rasmus Kviteberg» – Jølst, s. 14-15
  • 2009 – «Tunvoren i Flekke, Familiefestar i begynnelsen av det 19.århundre» – Fjaler, nr. 20-22, 64-69

Kjelder

  • Greta Hekneby (2010) Nikka Vonen. Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne – Selja forlag, Førde.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA