Mimi Sverdrup Lunden

Fødd: 13. juni 1894

Død: 8. januar 1955

Maria «Mimi» Sverdrup Lunden (13. juni 1894–8. januar 1955) var ein norsk pedagog, forfattar og omsetjar. Ho var mest kjend som freds- og kvinnesaksforkjempar.

Liv

Ho flytta med familien frå Solund til Kristiania i 1908 der ho i 1912 tok examen artium og adjunkteksamen i 1918. For å avhjelpa arbeidsløysa vart ho oppsagt som lærar på Kongsberg der ho budde med mannen Tallak Lunden som døydde i 1930. Så flytta ho til Kristiania og var lærar ved Vestheim skole og Hegdehaugen videregående skole for mellom andre likestillingsombod Eva Kolstad som hugsar Mimi Sverdrup Sverdrup:

«innprentet sine kvinnelige elever at piker måtte lære seg å sitte med hendene i fanget uten å gjøre noe. Ikke sy eller strikke når dere får litt ledig tid – tenk.»[1]

I hovudstaden ferdigstilte ho også ein cand.philol. ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1931. Som aktiv motstandar av fascismen leia ho Asylrettens venner og promoterte Carl von Ossietzky sitt kandidatur til Nobelprisen 1935. Etter å ha sete to gonger i Oslo kretsfengsel under den andre verdskrigen for å ha hjelpt flyktningar, var ho mot atombomba og medlemskap i NATO. I boka De frigjorte hender skisserer ho omleggjing frå naturalbasert hushaldsøkonomi til det industrialiserte samfunnet, medan boka Den Lange Arbeidsdagen tek opp den lange kampen for betre kår i kvinneyrka, retten til å behalda yrke for gifte kvinner, litt om husmorskular og abort

Far hennar var prest og professor Edvard Sverdrup (1861–1923) og ho var niese til politikaren Jakob Liv Rosted Sverdrup. Mimi sin bror var general Leif Sverdrup (1898–1976) og halvbroren hennar Harald Ulrik Sverdrup (1888–1957) vart oseanograf. Ho var søskenbarn med mellom andre forlagsdirektør Harald Grieg (1894–1972) og forfattar Nordahl Grieg (1902–43). Ho var mor til professor i slaviske språk, Siri Sverdrup Lunden (1920–2003).

Verv og utmerkingar

  • Belønning frå Nansenfondet for avhandling om husmannsvesenet
  • Nestleiar frå 1936 i Norsk Kvinnesaksforening under Margarete Bonnevie
  • Leiar for den nystarta norske avdelinga av Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund (seinare Norsk Kvinneforbund) frå 1948

Bibliografi

  • 1931 – Husmannslovgivningen i Norge, fra 1750 (Oslo: Eige forlag)  [Hovedoppgave i historie – Universitetet i Oslo, 1931]
  • 1937 – Vei og vogn (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Ved Mimi Sverdrup Lunden og Haakon Vigander. Historiske billedrekker 1]
  • 1938 – Sjø og skib (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Ved Mimi Sverdrup Lunden og Haakon Vigander.]
  • 1940 – Hårde tider har vi døyet (Oslo: Gyldendal) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktørar: Mimi Sverdrup Lunden og Rolv Thesen]
  • 1940 – Klær : med historiske dokumenter og arbeidsoppgaver (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Ved Mimi Sverdrup Lunden og Haakon Vigander. Historiske billedrekker. 3. For den høgre skolen]
  • 1941 – De frigjorte hender : et bidrag til forståelse av kvinners arbeid i Norge etter 1814 (Oslo: Tanum) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1944 – Kulturbilder : jordbruk, sjøfart, handel, byer (Oslo: Tanum) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av: Wilhelm Kaurin og Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1946 – Kvinnen og maskinen : kvinnearbeidet i støpeskjeen (Oslo: N. K. L.’s forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1948 – Barnas århundre (Bergen: Martinussen) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1948 – Den lange arbeidsdagen (Oslo: Tanum) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1949 – Hellas i dag (Oslo)  [Av Lise Lindbæk og Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1952 – Pages de France : ekstemporallesning for gymnasiet (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Else Ljunggren og Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1957 – Foreningsarbeid : en håndbok (Oslo: N.K.L.’s forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no

Omsetjingar

  • 1937 – Lille Lord Fauntleroy (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Frances Hodgson Burnett. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1938 – Borte bra – hjemme best (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Käthe Miethe. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1940 – Fangen på Zenda (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Anthony Hope. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1940 – Anne fra Bjørkely (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Lucy Maud Montgomery. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1941 – Anne som frøken (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Lucy Maud Montgomery. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1941 – Den røde pimpernell blir brysom (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Emmuska Orczy. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1946 – Musketerenes siste bedrifter. 1 (Bergen: Brynildsen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1946 – Musketerenes siste bedrifter. 2 (Bergen: Brynildsen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1946 – Musketerenes siste bedrifter. 3 (Bergen: Brynildsen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1947 – Doktor Elizabeth : en skildring for unge damer av Elizabeth Blackwells liv : verdens første kvinnelige lege (Oslo: Tanum) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Laura Kerr. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1948 – Frendeløs (Oslo: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Hector Malot. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1949 – Mord-labyrinten : et kurs i oppdagervirksomhet (Oslo: Hans Martinussens forl)  [Av Philip MacDonald. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
  • 1950 – Den sorte tulipan (Oslo: Dreyer) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]

Referansar

  1. Ole Johan Nilsen (22.9.1984), På tomannshånd: Likestilling krever tid, Aftenposten 

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA