Markus Jonasson Horne

Fødd: 13. oktober 1862 Naustdal

Død: 1. januar 1945

Markus Salomon Jonasson Horne (13. oktober 1862–1. januar 1945) var ein norsk misjonsprest. Han var frå Naustdal. Horne gjekk misjonsskulen i Stavanger og var misjonær på Madagaskar 1893-1927. Etter endt teneste budde Horne og kona i Stavanger og seinare i Vevring i Naustdal kommune. Horne skreiv om misjonsarbeidet og gav ut eit par romanar.

Bibliografi

Bøker

  • 1912 – Til Seier Gjennem nederlag : missionen paa sydostkysten af Madagascar (Stavanger: Det Norske Missionsselskab) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1922 – Nat og dæmring : Madagaskars østkystfolk og missionen (Stavanger: Det Norske Missionsselskab)
  • 1925 – Heviteny amin» ny evangelia teksta faharoa (Tananarive: Mission norvegienne)  [Språk: Malagasy. Oversatt tittel: Utlegning av evangeliene etter annen tekstrekke]
  • 1932 – Hevnen (Oslo: Lutherstiftelsens forlag)
  • 1934 – Trollpiken (Bergen: Lunde)

I bøker – eit utval

  • 1906 – Hjem fra kamppladsen : livsbilleder af vore afdøde missionærer og kvindelige missionsarbeidere i Zulu og paa Madagaskar : med 30 portræter (Kristiania: Steen) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Forfattar: A. Anders Olsen. Av innhaldet: Nat og dæmring: Madagaskars Øskystfolk og missionen / M. J. Horne]
  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal Sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6  [Av innhaldet: De første misjonærer kommer / M. J. Horne, s. 26-28]

Kjelder

  • Gravminner i Norge
  • Harald Jarl Runde, Arthur Søgnen, Hallstein Erdal (red., 2010) Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring, s. 121 – Naustdal sogelag, Naustdal. ISBN 978-82-91462-06-6.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA