Marit  Tusvik
string(26) "Marit_Tusvik_(cropped).jpg" string(22) "Marit_Tusvik_(cropped)"

Marit Tusvik

Fødd: 13. mars 1951 Høyanger

Yrke: Forfattar, omsetjar

Periode: 1979 –

Sjanger: Romanar, dikt, drama, bøker for barn

Debut: Reisa til mandarinlandet, 1979

Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane, og debuterte i 1979 med dikt-og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet. Marit Tusvik skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av bøkene sine sjølv. Marit Tusvik har motteke fleire litterære utmerkingar, skodespela har blitt framført ved ulike teater og eit par av dei er filma for fjernsyn.

Mugg er tittelen på dramadebuten hennar, og den fekk ho Ibsenprisen for i 1991. Ishuset, roman utgitt i 1991, vart skriven om til skodespel og urframført av Sogn og Fjordane teater i 2010. Marit Tusvik skriv på nynorsk og på bokmål. Tekstane hennar er omsett til fleire språk.

Store Norske Leksikon skriv: «Hennes første roman, Ishuset (1991), dramatisert (2009), viser hennes evne til å kombinere følsom menneskeskildring med nøktern humor, og i romanen Bell (1995) tegner hun et poetisk bilde av avvisning og avhengighet gjennom to kvinners beretninger om det tette forholdet de hadde som unge. Nord (1999) er en bredt anlagt roman, der norsk vestland og arabisk miljø blir vevd inn i hverandre. Sigrid Finne (2007) er et kjærlig portrett av Tusviks mor. Romanen Deilig er jorden (2009) er en barndomsskildring fra et lite sted på Vestlandet.»[1]

«Fabulerende ´altmuligkvinne…´»,[2] skreiv litteraturforskar Øystein Rottem om forfattarskapen til Marit Tusvik til og med 1995.

Bibliografi

Bøker

  • 1979 – Reisa til mandarinlandet (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-04306-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1984 – Mellom sol og måne : dikt for barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2539-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1985 – I byen under byen (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-15103-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1986 – Jorunn og Janfrid (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-15313-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1987 – Hestehov (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-15733-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1987 – Katrine (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3072-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Kua som fraus (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-15959-1
  • 1989 – Bruno Andante og wobbegongen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3404-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1990 – Hareungen som blei åleine (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-16354-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Medforfattar: Jan-Kåre Øien]
  • 1990 – Mugg : skuespill i to akter (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-12984-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Petter Larsens dag- og nattbok (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-16838-8
  • 1991 – Ishuset (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-16757-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Etter William : en komedie (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-17331-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Alle vakre jenters hambo (Bergen: Den nationale scene) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Kvalross i bikini (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4457-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Hvalross i bikini (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4458-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1995 – Bell (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-17589-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1996 – Hører du månen  [Filmmanus]
  • 1997 – Gjennomtrekk : dikt (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-17928-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1997 – Barnas teaterbok (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-17453-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Medforfattarar: Mari Maurstad og Jan E. Hansen]
  • 1998 – Tsaren : monolog for en kvinne (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-18047-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Nord (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-17999-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2002 – Stille og fint (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0074-1
  • 2003 – Den forunderlige historia om Valdemar Blå og reisa gjennom havet (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6263-0
  • 2005 – Angerhøy : eit skodespel i fire akter (Oslo: Oktober) . ISBN 82-495-0364-3
  • 2007 – Sigrid Finne (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-0181-6
  • 2008 – Samlede dikt (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-0582-1  [Etterord av Hans Petter Blad: «Hva Marit Tusviks poesi angår»]
  • 2009 – Deilig er jorden (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-0566-1
  • 2011 – 26 små romaner (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-0870-9
  • 2014 – Fleur (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-1448-9
  • 2015 – Vinterkurset : boksingel (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-82-88136-4
  • 2017 – I hans armar (Oslo: Oktober) . ISBN 978-82-495-1844-9

I bøker – eit utval

  • 1989 – Den Store dikt- og regleboka : bind 2 (Stabekk: Bokklubbens Barn) . ISBN 82-525-1546-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Tenk at vinden, Mors gode råd, Tyggisen, Uimotståeleg / Marit Tusvik]
  • 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3538-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Må eg alltid vere lik meg? / Marit Tusvik]
  • 1991 – Noveller : av diktere i dette landet preget av vinter (Oslo: Messel) . ISBN 82-7631-003-6  [Av innhaldet: Ferien, Marit Tusvik]
  • 1994 – «Ein Blomstervang for din fot-« : norske kjærleiksdikt : i utval (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4410-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Smalare ; Flytt deg litt da ; Ute er kvelden lett / Marit Tusvik, s. 87-89]
  • 1995 – Natt i nytt hus : nye dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4614-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Klage frå ein prestekrage, Fargebad, Kra kra, Inga Løysing / Marit Tusvik]
  • 1997 – Vårboka (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7368-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Hestehov / Marit Tusvik]
  • 1997 – Høstboka (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-9099-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Tenk at vinden / Marit Tusvik]
  • 1998 – Sommerboka (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-8991-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Den næraste nærbutikken / Marit Tusvik]
  • 1998 – Labyrinter (Oslo: Gyldendal Tiden) . ISBN 82-478-0157-4 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Barndomen, Mamma og pappa, Tippa / Marit Tusvik]
  • 2008 – Frihet som livsbetingelse. 1 (Oslo: Transit) . ISBN 82-7596-073-8  [Av innhaldet: Vi to / Marit Tusvik]
  • 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7179-2  [Av innhaldet: Kra kra / Marit Tusvik]
  • 2014 – Bibeldikt (Oslo: Verbum) . ISBN 978-82-543-1292-6  [Av innhaldet: Å kome attende dit ein aldri før har vore / Marit Tusvik]
  • 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen) . ISBN 978-82-02-48625-9  [Av innhaldet: Men kvifor, Godt å vite / Marit Tusvik]

I tidsskrift – eit utval

Prisar

  • 1986. Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
  • 1991. Ibsenprisen
  • 1991. Nynorsk litteraturpris
  • 1991. Mads Wiel Nygaards legat
  • 1995. Narvesens kulturpris
  • 1999. Amalie Skram-prisen
  • 2004. Doblougprisen

Referansar

  1. Store Norske Leksikon : Marit Tusvik (Lesedato 26.02.2014)
  2. Rottem, 1998, side 8.

Kjelder

  • Øystein Rottem (1998) «Etterkrigslitteraturen : vår egen tid» – i: Norges litteraturhistorie, s. 493-494 – Cappelen, Oslo [Band tre].

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA