Marie Sandvik

Fødd: 1902 Luster

Død: 1992

Marie Sandvik (1902–1992) var ein norsk-amerikansk lærar og misjonær. Ho var frå Joranger i Luster kommune og busett i Minneapolis i Minnesota.

I 1920 emigrerte Sandvik frå Noreg til Amerika. Ho vart lærar ved ein misjonsskule i Seattle, og byrja arbeida i slumområde i Minneapolis. Her laga ho ein misjonsstasjon og kyrkje av ein tidlegare bar. Verksemda vart gjort om til Marie Sandvik Center i eit større bygg i nærleiken i 1960.

Marie Sandvik gav ut sjølvbiografien To the slums with love på 1970-talet.

Bibliografi

Bøker

  • 1950 – Revival on Skid Row : commemorating ten years of rescue work among society’s «Left overs» (Minneapolis, Minnesota: Minneapolis Revival Mission)
  • 197? – To the slums with love : 30 years bringing God’s love to the inner city (Minneapolis, Minnesota: Marie Sandvik Center)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA