Marie Amalie Landmark

Fødd: 1845 Tysse i Fjaler

Død: 1935

Tema: Matstell

Debut: Husholdningsbog, 1892

Marie Amalie Landmark (5. august 1845–25. april 1935) var ein norsk husstellærar og kokebokforfattar.

Landmark er mest kjent for utgjevinga Kokebok for land og by som kom ut i mange opplag fram til 1932 og selte i over 100 000 eksemplar.[1][2][3] Denne boka innheld ikkje berre oppskrifter på mat og råd om kosthald, men er av stor verdi kulturhistorisk av di ho gir eit godt bilete av skikkar og levemåtar i ei bygd på Vestlandet rundt førre hundreårsskiftet.[4]

Landmark skipa og drifta ein husstellsskule i Fjaler i 1883-1893, var omreisande lærar i husstell i regi av Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab i perioden 1893-1897, og var mellom anna medarbeidar i bondekvinnebladet Husmoderen : Tidsskrift for Hus og Hjem.[5]

Marie Amalie Landmark vaks opp på Tysse i Fjaler kommune i Sunnfjord og vart buande der heile livet.

Bibliografi

  • 1892 – Husholdningsbog (Kristiania: Marius Lunds Forlag)
  • 1900 – For landsbygden : raad og veiledning for hus og hjem (Bergen: N. Nilsens bogtrykkeri) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1910 – Fortællinger (Bergen: Lunde forlag)
  • 1911 – Bagning og brygning i det smaa (Bergen: N. Nilssen & Søns Bogtrykkeri)
  • 1984 – Kokebok for land og by (Førde: Fjaler sogelag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Utgitt på ny ved Øens prent. Første gong trykt i 1890-åra.]

Kjelder

  • Eli E. Vengen (15. august 2006) «Har Fjaler norsk rekord i forfattarskap?» – Firda, s. 8-9.

Referansar

  1. Landmark 1984, side [1]
  2. Vengen 2006, side 8
  3. Notaker, 2009
  4. Landmark 1984, side [1]
  5. Notaker, 2009

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA