Maria Tryti Vennerød

Fødd: 1978 Oslo

Maria Tryti Vennerød (fødd 17. januar 1978 i Oslo) er ein norsk dramatikar. Ho debuterte med «Meir» i 2002 og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater.

Vennerød vann i 2003 den norsk-svenske dramatevlinga arrangert i samband med markeringa av Unionsoppløysinga 2005, med «Frank». Ho fekk Ibsenprisen i 2005 for «Dama i Luka». Ho hadde to av vinnarbidraga i konkurransen 100 og NÅ i 2006 (Testen og Neverland).

Seinare har ho hatt regi på to av sine eigne verk, først GOKK i 2007 og sidan KOK (samtidsopera) i 2009. I oktober 2010 har «Neverland» premiere på Det Norske Teatret, med Jon Tombre som regissør.

Vennerød er oppvaksen i Sogndal og i Førde i Sunnfjord.

Verk

  • Neverland (2010) – oppført på Det Norske Teatret i 2010
  • Eg vil ha eit manus (2010) – Oppført på Dramatikkens Hus i 2010
  • Ein siste heilagdom (2009) – Oppført på Sognefjellet, i regi av Riksteatret, Nasjonalbiblioteket og Hamsunåret i 2009
  • KOK 2009) Opera. Musikk av Julian Skar. Oppført av Ensemble Fanfaronner og Det Åpne Teater i 2009
  • Gokk (2008) Oppført av Prosjekt Gokk i coproduksjon med Sogn og Fjordane Teater i 2007, òg spelt på Black Box Teater i Oslo
  • Krokodillen (2006) Oppført av Teater Ibsen i 2006 og av Teater Blendwerk i 2008
  • Safari (2006) Oppført av Teater Blendwerk i 2006
  • Testen (2006) Oppført på Norsk dramatikkfestival og på Det Norske Teatret i 2006, og av Teater Blendwerk i 2008
  • Frank (2005) Oppført på Det Norske Teatret i 2005. Vinnar av norsk-svensk dramatevling 2005.
  • Dama i Luka (2004) Oppført på Norsk Dramatikkfestival i 2004. Ibsenprisen i 2005.
  • Ta meg på vengene (2003) Oppført på Norsk Dramatikkfestival i 2003 og på Sogn og Fjordane Teater i 2003
  • Meir (2002) Oppført på Norsk Dramatikkfestival i 2002, Sogn og Fjordane Teater i 2004, Cinnober Teater i Gøteborg i 2008 og av ulike studentteater i Noreg

Prisar

  • Norsk-svensk dramatevling i samband med Noreg 1905-2005 (Frank)
  • Ibsenprisen 2005 (Dama i luka)
  • 100 og NÅ i 2006 (Testen og Neverland)

Bibliografi

Bøker

  • 2005 – Ung nordisk dramatikk (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6624-5  [Innhald: Frank / Maria Tryti Vennerød. I djurens ögon / Ninna Tersman . Ned til sol / Erlend Sandem]
  • 2007 – MEIR : fire skodespel (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6994-2  [Innhald: Dama i luka ; Krokodillen ; Ta meg på vengene ; Meir]
  • 2009 – Gokk : tre skodespel (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7505-9  [Innhald: Gokk ; Safari ; Testen]
  • 2010 – Neverland (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-32920-4
  • 2011 – Nasjonal prøve (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-34989-9
  • 2012 – Ikkje direkte råka : dagbok 16/4 – 22/6 2012 (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-39957-3
  • 2014 – Skredfare : dikt og andre tekstar (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-45218-6

I bøker – eit utval

  • 1992 – Svart salt og gule toner (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-20989-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Barnetrua / Maria Tryti Vennerød]
  • 1993 – Heimland : ei samling av 27 noveller (Førde: Firda) . ISBN 82-992807-1-0  [Av innhaldet: Så uuthaldeleg normalt : forteljinga om ei åtte minuttar uendeleg vandring / Maria Tryti Vennerød]
  • 2009 – Ådissjen : 25 monologer (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-131-8  [Av innhaldet: Safari / Maria Tryti Vennerød]
  • 2011 – DUS : den unge scenen (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-176-9  [Av innhaldet: Nasjonal prøve / Maria Tryti Vennerød]
  • 2012 – Sa hun : 22 monologer (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-217-9  [Av innhaldet: Ulv / Maria Tryti Vennerød]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Framande som kjem heim / Maria Tryti Vennerød]

Regiarbeid

  • GOKK (2007) Coproduksjon mellom Prosjekt Gokk og Sogn og Fjordane Teater, spelt i Sogn og Fjordane og på Black Box Teater i Oslo
  • KOK (2009) Produsert av Ensemble Fanfaronner med støtte frå Det Åpne Teater, spelt på DÅT i Oslo

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA