Magnus Nilsson Seim

Magnus Nilsson Seim (1872–1966) var ein norsk bonde, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Alversund, og flytta til Kinn i Flora kommune då faren kjøpte gard der i 1896.

Seim tok initiativet til skiping av Fiskarfagskulen i Florø. Han var mellom anna medlem av rådet i Vestlandske Salslag, YFK og formann i Venstre i Sogn og Fjordane 1921-1930.

Seim var vararepresentant til Stortinget 1913-1918, 1922-1927 og 1931-1933.

Bibliografi

Bøker

  • 1955 – Soga um Kinna – kyrkja i Sunnfjord (Kinn: Indremisjonen)
  • 1957 – Korleis formannskapslovene vart til i 1837 (Førde: Øens Prenteverk)
  • 1959 – Kinn hovudgard : heimehusi bygde i 1846 (Førde: Øens Prenteverk)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA