Magne  Wergeland

Magne Wergeland

Fødd: 16. mai 1899

Død: 9. august 1973

Magne Wergeland (1899–1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Austlandet.

Wergeland tok lærareksamen i 1925, før han reiste til Sambandsstatane og oppheldt seg der frå 1926 – 1933. Han arbeidde deretter som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsberg.

Bøkene Magne Wergeland skreiv, var på nynorsk. Han skreiv både reiseskildringar, barnebøker, diktsamlingar og romanar.
Magne Wergeland døydde i 1973.

Bibliografi

Bøker

  • 1924 – Snurrige folk : skrønor og forteljingar (Voss: Unglyden)  [Skrive under psevdonymet: Johan Isaksson]
  • 1927 – Havmann : eit dikt um livet (Voss: Unglyden)
  • 1928 – Hugskifte : spelstykke i tre vendingar (Voss: Unglyden)
  • 1928-29 – Svartfossen (Voss: Unglyden)
  • 1935 – I vesterveg
  • 1943 – Hardbalne gutar : forteljing for born (Oslo: Fonna forlag) I fulltekst ved nb.no  [Andre opplag]
  • 1949 – Vågsame karar (Voss: I kommisjon hjå Moss bokhandel) I fulltekst ved nb.no
  • 1951 – Den underlege hola (Skien: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no  [Illustrasjonar: Magnus Hardeland]
  • 1951 – Den store jonsokfesten: eventyr om dyr (Skien: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1953 – Ut i verda (Skien: Bjørn forlag)
  • 1969 – Storm over Skagastølstind (Hvittingfoss: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1972 – Vetteljos over bjarte grender (Hvittingfoss: Bjørn forlag)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA