Magne Fagerheim

Fødd: 20. januar 1916 Fjaler

Død: 1. november 2007

Magne Fagerheim (20. januar 1916–1. november 2007) var ein norsk adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar. Han var frå Dale i Fjaler kommune. Fagerheim var lærar ved Falchs Pensjonat- og Middelskole, og dreiv saman med brørne Oddleif Fagerheim og Sverre Fagerheim Sunnfjord Gymnas i tida 1943-1951.

Fagerheim har vore medforfattar av bygdeboka for Fjaler. Saman med Magne Bøtun skipa Fagerheim i 1965 fylkesavdelinga av Sosialistisk Folkeparti, som i 1974 gjekk inn i SV.

Han var leiar av Fjaler Sogelag og i styret i Sunnfjord Sogelag i mange år.

Magne Fagerheim var son til Ragnvald Fagerheim og bror til Oddleif Fagerheim.

Bibliografi

Bøker

  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 1. Holmedal sokn (Dale: Fjaler sogelag)  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 2. Dale sokn (Dale: Fjaler sogelag)  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 3. Dale og Guddal sokn (Dale: Fjaler sogelag)  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1990 – Fjaler helselag 1915 – 1990 (Dale: Fjaler helselag) . ISBN 82-992187-0-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1998 – «Kjeldene fortel» : «Born av deim som bygde landet er på tuftom enno til» (Flekke: Fjaler sogelag)
  • 1998 – Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år (Dale: Fjaler kommune) . ISBN 82-994876-0-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA