Ludvig  Eikaas

Ludvig Eikaas

Fødd: 20. desember 1920

Død: 5. september 2010

Ludvig Eikaas (fødd 20. desember 1920 i bygda Eikaas i Jølster i Sunnfjord, død 5. september 2010) var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Namnet kan òg verta stava Ludvik Eikaas.

Familie

Foreldra til Ludvig Eikaas var gardbrukar Daniel Eikaas og Synnøve Svidal. I 1949 gifta Eikaas seg med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908-2000). Sonen Stig Eikaas er skulptør og aktiv kulturdebattant.[1]

Utdanning

  • Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1942-46
  • Statens Kunstakademi 1946-48
  • Kunstakademiet i København 1948

I tillegg til dei formelle studia hadde Eikaas fleire studiopphald i fleire europeiske land.

Karriere

Eikaas debuterte som målar og grafikar på Høstutstillingen i 1946. Ludvig Eikaas vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet hans med måling, skulpturar og særleg grafikk. Han var ein av dei første som laga nonfigurativ kunst i Noreg.[2]. Saman med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg og Tor Hoff utgjorde Eikaas ei gruppe unge kunstnarar som var pionerar innanfor den nonfigurative kunsten i Noreg. Denne gruppa vart kalla Dødsgjengen.[3]

Ludvig Eikaas sin kunst er å finne i Nasjonalgalleriet/Nasjonalmuseet i Oslo, Riksgalleriet/Nasjonalmuseet, Bergen Billedgalleri/Bergen kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter, Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art, New York, Uffizi-museet i Firenze, det amerikanske Wind Symphony Orchestras permanente samling og i ei rekke private samlingar i inn- og utland.[4]

I Sogn og Fjordane har Ludvig Eikaas laga m.a. utsmykkinga ved inngangen til Sentralsjukehuset i Førde, «Fjordhesten» ved det tidlegare posthuset i Førde, og han er meister for NRK Sogn og Fjordane sin logo «Fjordhesten».[5]

Eikaas vart professor på Statens Kunstakademi i Oslo i 1970.

TV-intervju

NRK gjorde eit intervju med Ludvig Eikaas i 1999: Ludvig Eikaas og fela vart sendt 7. mars.[6]

Utmerkingar

Eikaas var riddar av første klasse av St. Olavs Orden. I 1954 fekk han den internasjonale grafiske pris i Milano.[7] Eikaas vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1994.[8]Eikaasgalleriet vart oppkalla etter han då han gav ei stor samling kunst til Jølster kommune. [9]

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Kulturnett Sogn og Fjordane: Stig Eikaas
  2. Sogn og Fjordane Kunstmuseum: Ludvig Eikaas – Samlinga – Eikaasgalleriet
  3. Johansen, Jahn Otto, Norsk Biografisk Leksikon: Ludvig Eikaas
  4. Johansen, Jahn Otto, Norsk Biografisk Leksikon: Ludvig Eikaas
  5. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane: Ludvig Eikaas
  6. NRK-intervju med Ludvig Eikaas
  7. Kunsthistorie: Ludvig Eikaas
  8. Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkeskulturprisen
  9. Eikaasgalleriet

Bakgrunnsstoff

  • Om Ludvig Eikaas i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
  • 1958 – Profiler i norsk grafikk (Oslo: Dreyer) I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Jan Askeland ; av innhaldet Ludvig Eikaas]
  • 1968 – Streif omkring Ludvig Eikaas (Oslo: Haaken A. Christensens forl.) I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Per Arneberg]
  • 1981 – Ludvig Eikaas (Oslo: Stenersens forl.) . ISBN 82-574-0124-2 I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Jahn Otto Johansen]
  • 1990 – Ludvig Eikaas : tresnitt (Høvikodden: Henie-Onstad Kunstsenter) . ISBN 82-90955-04-9 I fulltekst ved nb.no  [Katalogen er utgjeven i samband med Ludvig Eikaas sin utstilling i Henie-Onstad Kunssenter, Høvikodden 8. desember 1990-3. februar 1991]
  • 1990 – Portrett av jeg (Oslo: Grøndahl) . ISBN 82-504-1793-3 I fulltekst ved nb.no  [Red. Inger Tragethon]
  • 1991 – Trykket stemning : 26 portretter (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-13330-0 I fulltekst ved nb.no  [Av Niels Chr. Geelmuyden ; intervju med m.a.: Ludvig Eikaas]
  • 1992 – Norske malerier : fra hellemaleriet til i dag (Bønes: Grieg) . ISBN 82-533-0264-9 I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Jan Askeland ; inneheld mellom anna stoff om Ludvig Eikaas]
  • 1998 – Edvard Munch, Nikolai Astrup, Rolf Nesch, Ludvig Eikaas : grafikk = prints (Skei: Musea i Jølster : Jølster kommune) . ISBN 82-91882-01-0 I fulltekst ved nb.no  [Red. Runar Kristiansen ; av innhaldet: Ludvig Eikaas / Per Hovdenakk]
  • 2000 – Eikaas i 80- : festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-014-5 I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Gunnar Danbolt, Inger Eri, Eivind Fossheim, Jahn Otto Johansen, Eldbjørg Tveitevåg Styve]
  • 2000 – Jølster : bygda og breen (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5734-3 I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Jarle Helgheim ; av innhaldet: Kunstnarar under breen: Nikolai Astrup, Nils A. Bruland, Ludvig Eikaas, Toralf Flatjord, Astrid Myklebust, Sigmund Eikås, Moses Paulen, Anders Viken]
  • 2000 – Ludvig i 80 streker : signert Stig : et kunsthistorisk og psykologisk møte med Ludvig Eikaas ( Eikaas Kunstforlag)  [Tekst og teikningar Stig Eikaas]
  • 2000 – Sangen til Ludvig (Oslo: Sofista) . ISBN 82-7910-002-4 I fulltekst ved nb.no  [Av: Øystein Wingaard Wolf]
  • 2000 – Slaget om Nasjonal : og andre historier fra professor Eikaas» absurde virkelighet (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-018-8  [Av: Terje Lyngstad og Eyvind Viken]
  • 2005 – Portrettkunstnaren Eikaas : verk frå samlinga (Førde: Sogn og Fjordane kunstmuseum)  [Redaktør: Morten Johan Svendsen ; tekst og foto: Ingrid Norum ; utstillingen vist 4. mars-29. mai og 15. oktober-30. november 2005 ; Myndir, 1, 2005]
  • 2009 – Ludvig Eikaas (Oslo: Bergen kunstmuseum) . ISBN 9788273930880 I fulltekst ved nb.no  [Innhald: Dokumentasjon fra en flyktig tilværelse : Eikaas i retrospekt av Frode Sandvik; «Jeg» og «Dei andre» : Ludvig Eikaas sin portrettkunst av Inger Eri; Biografi av Torunn Myrva]

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA