Lorentz  Nybø
string(17) "Lorentz_Nybø.jpg" string(13) "Lorentz_Nybø"

Lorentz Nybø

Lorentz Isidor Nybø (fødd 4. september 1870 i Florø i Kinn kommune, død 5. mars 1912) var ein norsk bladstyrar og typograf. Han gjekk i typograflære på Nordfjordeid frå han var 14 år. Han var typograf i Nordfjordeid, Trondheim og Kristiania.

I 1893 starta Nybø det radikale ungdomsbladet Unge Skud. Her var han svært hard i kritikken av makthavarane i samfunnet. Etter ein reportasje frå ein militærmanøver han var med på, vart han dømd til fengsel i 20 dagar for «respektstridig skrivemaade». Han sona straffa på Bergenhus festning. Nybø skreiv på dansk-norsk, som han hadde lært på skulen. Fleire av dei andre skribentane, som Jon Fridtun og Anders Vassbotn, arbeidde for at det frilynde ungdomsbladet burde redigerast på nynorsk.

I 1895 flytte Lorentz Nybø til Voss. Han heldt fram med å styre Unge Skud. Han vart etter kvart mindre krass og kritisk. Unge Skud vart organ for Norigs ungdomslag. I 1899 skifte bladet namn til Unglyden. På Voss vart han medeigar i avisa Hordaland. Nybø gav ut diktsamlingane Ungt blod og Bekkjesikl

Lorentz Nybø døydde av blyforgifting i 1912 på Voss.

Bibliografi

Bøker

  • 1896 – Ungt blod (Voss: Unge skud)
  • 1907 – Bekkjesikl : dikt (Voss: Unglyden)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA