Leiv Døssland

Fødd: 23. desember 1914

Død: 31. mai 1996

Leiv Døssland (23. desember 1914–31. mai 1996) var ein norsk lærer og rektor. Han var fødd i Fana og vaks opp på Sunde i Sunnhordland. Døssland gjekk Fana Folkehøgskule i 1932, tok examen artium ved Voss gymnas i 1938, deretter gjekk han på Volda lærarskule, der han tok eksamen i 1940. I 1964 tok han hovudfag i norsk ved Universitetet i Bergen, med ei oppgåve om «Barnet i Olav Duuns dikting».

Frå 1940 til 1952 var han lærar ulike stader, både i grunnskulen og ved folkehøgskular. I åra 1952–59 var han lærar ved Torshus Folkehøgskule i Levanger. Frå 1960 til 1972 var han tilsett ved Firda gymnas på Sandane i Gloppen kommune, før han flytta til heimbygda og vart rektor ved det nyskipa gymnaset på Husnes i Kvinnherad kommune fram til 1979.

I ungdomen var han aktiv i ungdomslag, og han vart seinare instruktør for både dramagrupper og kor. Han var òg engasjert i folkeakademi og mållag.

Døssland gav ut to barnebøker, Gull i Gygreskard? (1952) og Unn og fløytespelaren (1954).

Han tok initiativet til opprettinga av Kvinnherad sogelag og til Årbok for Kvinnherad, (seinare Kvinnhersminne) og var redaktør for dei fem første årbøkene (1982–1990).

Bibliografi

Bøker

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA