Lansering av Forfattarar frå Sogn og Fjordane 9. desember i Sogndal – med framlegg til litterær fylkeskanon

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek lanserer no nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Det skjer på bokkafé på Sogndal bibliotek 9. desember 2016 klokka 11.00.

På arrangementet vil fylkesbiblioteket presentere nettstaden, og i tillegg vil Ove Eide halde foredraget: Den litterære fylkestoppen. Ei vandring gjennom litteraturen i Sogn og Fjordane gjennom 250 år – og eit framlegg til ein fylkes-kanon. Ove Eide er pensjonert lektor, forfattar og foredragshaldar, og kanskje den i Sogn og Fjordane som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i fylket. Eide vil peike på nokre historiske linjer og trekkje fram dei av forfattarane våre han meiner ruvar høgst litterært.

Det vert enkel servering. Gratis inngang.

Vi håper mange vil finne vegen til Sogndal 9. desember!

Det vil også verte liknande arrangement i Nordfjord og Sunnfjord på nyåret.

 

Lagt inn av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Gå til artikkelarkivet >>