Kristofer  Alme

Kristofer Alme

Fødd: 20. november 1871

Død: 5. oktober 1947

Kristofer Alme (20. november 1871–5. oktober 1947) var frå Hafslo i Luster kommune. Han var bonde, organisasjonsmann og forfattar. Alme gjekk Sogndal folkehøgskule og skipa i 1892 Hafslo Ungdomslag, der han var formann i 30 år.

Han var ein mykje nytta foredraghaldar, og heldt i alt over 300 foredrag kringom i bygdene. Han leia også eit songkor, og dikta sjølv mange songtekstar og melodiar. I 1930 gav han ut kantaten «Truskiftet» (Lunde forlag) til Olavs-jubileet, og i 1947 diktsamslinga «Blanda kor». Han dikta og sette tone til Sognasongen.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA