Kristin  Roset
string(17) "Kristin_Roset.jpg" string(13) "Kristin_Roset"

Kristin Roset

Fødd: 22. oktober 1979

Kristin Roset (fødd 22. oktober 1979) er ein norsk journalist, tidlegare friidrettsutøvar (mellomdistanseløp) og forfattar frå Sandane i Gloppen kommune. Ho representerte Gloppen Friidrettslag og vart norsk meistar på 800 meter tre gonger frå 1999 til 2001. Frå 2007 til 2014 var ho redaktør for magasinet Birkebeiner’n som i 2013 endra namn til Magasinet Birken. I dag jobbar ho som journalistfrilans for Dagbladet og skriv bloggen Springerinne.[1] Ho er forfattar av boka Spring for livet (2016) som handlar om spiseforstyrrelsar og toppidrett.

Bakgrunn

Ho vaks opp på Fitje, sør for Sandane sentrum, og har to eldre brødre, hennar eldste bror, lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, var trenaren hennar gjennom det meste av karrieren. Han var sjølv ein habil 400 meterløpar og representerte Norge som juniorutøvar. Ho gjekk idrettsfag ved Firda vidaregåande skule frå 1995 til 1998. Kristin Roset bur idag på Lillehammer.

Journalistkarriere

Roset tok journalistutdanninga si ved Høgskolen i Oslo, og arbeidde deretter som journalist i lokalavisa Firda Tidend på Sandane. Ho vart dagleg leiar i Rogaland Friidrettskrets, og busette seg i Stavanger. I desember 2007 vart ho tilsett som redaktør for sportsmagasinet Birkebeiner’n. Etter mammapermisjon i 2014/2015 starta ho som journalistfrilans for Dagbladet. Ho skriv også bloggen Springerinne.

Idrettskarriere

Roset dreiv tidleg med uthaldingsidrettar, og var ein god langrennsløpar, men ho fann seg best til rette på friidrettsbana. Ho representerte Sandane Turn og Idrettslag i dei aldersbestemte klassane, og Gloppen Friidrettslag som junior og seniorutøvar. I 1999 vann ho 800 meter under NM, og følgde opp med ytterlegare to sigrar i 2000 og 2001. Ho fekk sølv i 2002 og bronse i 2003.[2] Den personlege rekorden hennar på 800 meter er 2.03,64 sett under eit stemne i Drammen, 8. juli 2001.[3] På 1500 meter har ho bestenoteringa 4.10,56, frå eit stemne i Cork i Irland 6. juli 2002. Det resultatet gir ho niande plass på lista over 1500 meterløparar gjennom tidene i Norge.[4]

NM-medaljar

Plassering Øvelse År
Gull 800 meter 1999, 2000 og 2001
Sølv 800 meter 2002
Bronse 800 meter 2003

Bibliografi

  • 2008 – MotbakkeMoro (Førde: Penna) . ISBN 978-82-8212-001-2
  • 2016 – Spring for livet : slik blei eg frisk (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8820-2

Kjelder

Referansar
  1. Springerinne
  2. NM-medaljer på 800 meter for kvinnerstatistikk
  3. Alle tiders beste kvinnelige 800 meterløperestatistikk
  4. Alle tiders beste kvinnelige 1500 meterløperestatistikk

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA