Kristian Andreas Johanson Ulltang (6. januar 1891–18. november 1979) var ein norsk journalist frå Førde i Sogn og Fjordane. Det var han som tufta Firda i 1917 som bygdeblad for Indre Sunnfjord, og han var redaktør for Firda i åra 1918-20 og 1922-24. I tillegg dreiv han eige trykkeri i Førde 1914-1947. Ulltang var redaktør for Ungdomsvennen frå 1917 og Jul i Sunnfjord 1946-1951.

Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1968.

Bibliografi

Bøker

  • 1911 – Bondeliv og bondekunst (Ålesund)
  • 1952 – Førde : ei kort utgreiing (Førde: Olav Bangen)
  • 1952 – Solvang : Sunnfjord ungdomsskule 1902-1952 (Førde: Solvang)  [Skriftstyre: Otto Huseklepp, Kristian Ulltang]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA